Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tromsbønder på fagtur og todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Måndag 11. april 2016

Måndag var fylkesstyrene i Troms og Møre og Romsdal Bondelag på Nordmørsvisitt. Oddvar Nordvik er leiar i fylkesstyret i Møre og Romsdal, og han fortel at denne studieturen egentleg er ein gjenvisitt etter at fylkesstyren i Møre og Romsdal var på tur til Troms i fjor. I løpet av eit par dagar skal dei rundt på Nordmøre for å sjå og høre, før dei tysdag ettermiddag sett seg på flyet nordover igjen

Les heile saka

Sesongstart – lamminga er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2016

Natt til laurdag var det start på ein travel lammingssesong for Bjørn Kvendset, for da kom dei første lamma. Søndag kom dei neste, og i uka som kjem skal mesta halvparten av sauene lamme – dersom alt går etter plana. Da blir det såpass travel at Bjørn tek fri frå jobben på MøreTre ei veke, for å ta imot dei nye verdensborgarane.

Les heile saka

Feira 100 år – litt av ein festdag for Todalen sanitetsforening

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2016

Laurdag ettermiddag vart litt av ein festdag for Todalen sanitetsforening, som feira sin 100-årsdag saman med sambygdingar og innbedne gjestar i Todalen ungdomshus. For ein gongs skuld var alle sanitetskvinnene gjestar i eige arrangement, og hadde sett bort bevertninga til HammerStuene for at alle medlemane skulle få ta del i feiringa. Det vart 4 timar i festleg lag, med ei fin blanding av høgtideleg jubilering, festtale, fagleg input og mykje godt humør og latter.

Les heile saka

Torils blogg – Eirik sette tone til….

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Toril Redalen hadde forleden ein artig blogg, der ho i innleiinga var i det lyriske hjørnet – og skreiv om Todalen. Lesarane fatta stor interesse for bloggen og ho fekk på tusental med lesarar som var innom. Eirik Husby, frå Nisstua på Husby, som i dag har sitt virke i hovudstaden fatta interesse for dette, og som den dyktige musikaren han er sette han musikk til teksta og har lage ei lydfil med det ferdig resultatet…

Les heile saka

Festkveld med tid for belønning…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Torsdag kveld arrangerte Surnadal idrettsråd sin festkveld i Surnadal kulturhus. Det vart ein fin festkveld med både undhaldning og fagleg innput, og det tid for belønning. Tilsaman 4 prisar vart det delt ut denn kvelden – alle til velfortente mottakarar. Den gjevaste priser var kanskje «Publikums hederspris», der Olav Rønning var mottakar. Dei 5000 priskronene donerte han vidare til fondet for ny tråkkemaskin.

Les heile saka

Står på vidare for eldre

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2016

Surnadal Demensforening og helselag driv saman med Pårørande foreninga til Surnadal Sjukeheim eit omfattande arbeid for eldre og sjuke for å gjera kvardagen litt betre. Vi har saksa litt frå årsmeldinga , som gir ein god indikasjon på kva dei bidreg med. Vi har mange gode bidragsytarar, både bedrifter og privatpersonar, som alle bidreg på sin måte, seier leiar Liv Botten

Les heile saka

Ivrige brannmenn – tek ansvaret på alvor.

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2016

Ein kveld kvar månad driv brannlaget i Todalen med praktisk øving eller anna opplæring. Dei er ein viktig «institusjon» i bygda for at vi andre skal føle oss tryggare. Men det er ikkje berre «den røde hane» dei passar på. Brannlaget har også ansvaret for hjartestartaren som er stasjonert på brannstasjone og rykkjer ut når hjartealarmen går. Og ikkje nok med det – dei har må også tre støttande til dersom det oppstår alvorlige voldsepisodar. Dette tek dei på alvor og legg ned ein stor innsats for å dyktiggjere seg.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Onsdag 6. april 2016

Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for mars. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete! No som våren er komme for alvor og sola er oppe til godt ut på kvelden, satsar vi på at du tek fram mobilen eller kameraet hvis du ser eit fint motiv.

Les heile saka

Inspeksjon i Svinvikstunellen

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2016

Tysdag kveld er Svinvikstunellen stengt i periodar. Det er Veidekke som driv med inspeksjon av tunellen, og sjekkar om det er laust fjell i tunellhvelvet eller andre avvik. Dette er ein rutinemessig inspeksjon som blir gjort med jamne mellomrom, fortalte Kjell Svensli frå Veidekke, som rekna med å opne for ordinær trafikk igjen i 22-tida.

Les heile saka

Nytt styre i Røde kors

Elinor Bolme Tysdag 5. april 2016

På årsmøtet til Surnadal Røde Kors i februar vart det innvalgt nye medlemmar i styret. Styret i Surnadal Røde Kors består no av:

Les heile saka

Torsdag: Idrettens festkveld i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2016

Torsdag kveld, er det klart for Idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Det er Surnadal Idrettsråd som er arrangør i samarbeid med surnadal kommune og på programmet står mellom anna utdeling av 4 prisar: «Årets prestasjon» – «Årets ildsjel», «Årets hederspris» og «Ungdomsprisen», der «Ungdomsprisen er ny og blir utdelt til ungdom mellom 13-20 år som har tenkt å satse vidare. Men dei har også mykje anna å by på..

Les heile saka

VOX med stor gospelkonsert

Elinor Bolme Tysdag 5. april 2016

Lørdag inviterer Koret VOX inviterer til gospelkonsert i Stangvik kirke. – Vi lover at det blir fullt trykk og mange flotte sanger, sier Toril Moe, korets styreleder i ei pressmelding til redaksjonen.
VOX er resultatet av Surnadal Sparebanks store korslag i 2010. Da kom en gjeng fra byggefeltene på sørsiden av bygda sammen i det som ble kalt Feltkoret. Koret vant fagjuryens pris den gang.

Les heile saka