Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feiring av nasjonaldagen på Nordvik

Sverre Kjølstad Tysdag 17. mai 2016

Med vintertemperatur på 5 grader, og regn i morgentimene, var det ikke akkurat noe ønskevær for 17. mai. Etter hvert ble det noen revner i skydekket, og en disig sol tittet så vidt fram av og til. Som vanlig startet toget fra Oppistua, med endestasjon ved forsamlingshuset. Da alle hadde benket seg inne, var det klart for dagens tale ved Nils Ove Bruset. En aktuell tale med skjemt og alvor, hvor nordvikgardingene var i fokus.

Les heile saka

Is og brus på høgkant

Elinor Bolme Tysdag 17. mai 2016

Nok ein 17. mai er på hell, og mange har kanskje trappa ned feiringa. Vi har sett saman eit bildegalleri frå dagens andre arrangement i Todalen, som startar med gudstjeneste, kransnedleggelse, tog og til slutt ein matbit og tale for dagen i Todalen skule.

Les heile saka

Biltog og frukost med imponerande oppmøte!

Elinor Bolme Tysdag 17. mai 2016

Det var ein litt grå start på nasjonaldagen, men vêret var slettest ikkje til hinder for eit biltog som nesten slo alle rekordar klokka 10 i dag. Utruleg mange hadde teke turen til Hals for felles tur opp til Gammelfabrikken og deretter nedatt til frukost i Ungdomshuset. Endatil tilreisande var i år å sjå blandt den lange rekkja av bilar som kjøyrte oppover bygda. Da både turistar og heimesjukepleien som kom «midt oppi det» på Kvendset.

Les heile saka

Med auge for fine detaljar, med grov redskap

Elinor Bolme Måndag 16. mai 2016

Gi mannen ein stubbe, ei motorsag, rikeleg med motorsagbensin og eit pussepapir og dei mest utrulege figurar veks fram etter mange timars arbeid. Mange har nok lagt merke til dei ulike figurane som står ved Østødalskrysset og speidar utover Kvennbø. Desse er det Ove Magne Aasen som har laga. Det er nesten freistande å skrive kunstnar Ove Magne Aasen, for her finn ein verkeleg mykje fint handtverk laga med motorsag og time på time med pussing og finjustering.

Les heile saka

17. mai frukost i Ungdomshuset

Elinor Bolme Måndag 16. mai 2016

Fotballgruppa som står for frukostarrangementet på 17. mai melder no om at frukosten er bestemt servert i Todalen Ungdomshus, og IKKJE på Bordholmen som annonsert i utsendt program. Verguden har ikkje tenkt å spele på lag i morgon, og arrangørane vel derfor å ha serveringa innomhus som i fjor.

Les heile saka

17. mai på Nordvik

Sverre Kjølstad Sundag 15. mai 2016

Det blir tradisjonell 17. mai feiring på Nordvik, med tog fra Oppistua kl 1400. Deretter samles alle i forsamlingshuset til dagens tale, med etterfølgende middag.

Les heile saka

Huset med det rare i…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2016

Ja, det må være rette omtalen av bedehuset på Kvanne – eller BD-huset som den nye eigaren Anders Askelund kaller det. No har BD-huset fått alternativ bruk som kulturhus i tillegg til å være forsamlingshus. Pinseaftan opna Anders Askelund utstilling i huset, der temaet var dører. Både gamle og nyare dører og mykkje anna rart, bokstaveleg fortalt. Her var det nemlig utstillt alt mulig rart, – men det var gjort slik at det var både fint og interessant – veldig interessant. Og opninga gikk ikkje upåakta hen, for det har neppe vore så mykje folk i bedehuset nokon gong…

Les heile saka

17. mai programmet er klart

Elinor Bolme Laurdag 14. mai 2016

17. mai programmet er allerede klart og også i år blir det muligheit til å feire frå morgon til kveld i Todalen. Det tradisjonelle biltoget startar frå Hals klokka 10 og endar som tidlegare år på Bordholmen med felles frukost.

Les heile saka

Svinviks arboret – ope heile pinsehelga

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2016

Svinviks arboret minner om at dei har ope både 1. pinsedag og 2. pinsedag  11-16.  Tysdag 17. mai er arboretet stengt.
Om vèret er dårleg kan den vakre utsikta nytast frå kafèen!


Intensiv øving for Todalskorpset i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2016

17. mai utan hornmusikk i toget kan vi neppe tenkje oss! Derfor er vi utruleg heldige som har ein gjeng med veteranar som stiller opp – kvart år – slik at vi får musikk i folketoget i Todalen. I helga er gjengen samla for øving i skulen, og det var slett ikkje vanskeleg å finne ut kvar dei heldt til med øvinga, for det var berre å følgje tonane til «Cut Time Strut» så vart du leda til rett klasserom.

Les heile saka

Godt å ha gode venner…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2016

Laurdag føremiddag var det stor aktivitet på alle frontar på Gimle, hos Jon Olav Roaldset. Ein gjeng med venner hadde gått saman om å hjelpe Roaldset med å få ved i hus og med å få vegen opp til Gimle i skikkeleg stand etter at den rann ut, med både skråping og grusing. Det var også behov for litt grøfterens og rydding av småskog rundt husa. Det siste året har det gått litt trått for Jon Olav, etter at han ble hjartesjuk og måtte ta det med ro – no treng han ikkje gruble meir på dette, etter at vennene stillte opp for å hjelpe.

Les heile saka

Matkroken: Opningstider i pinsa

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mai 2016

På pinseaftan er Matkroken L.Hals open til kl 15.00, og stenger altså ein time tidlegare enn vanleg laurdag. Vidare utover er butikken stengt 1. pinsedag, men kioskopen 2. pinsedag mellom kl 16.00 og 18.00. På grunnlovsdagen 17. mai er butikken stengt. HalsOil drivstoff får du kjøpt heile helga – betaling med kort, melder handelsmann Nordvik.

Les heile saka