Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla 60 til kulturvandring på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mai 2016

Todalingane har stor interesse for å ta vare på bygdehistoria si – søndag samla Todalen historielag rundt 60 deltakarar på kulturvandringa som denne gongen foregikk på Hjellnes, der vi både fikk sjå å høre om historia for dei to gardane – Nestua og Oppistua. – Dei eldste husa som står på Hjellnes i dag er frå midten av 1800-talen, men det er dokumenter aner attover til 1645.

Les heile saka


Rundtvask i Svinviktunnelen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mai 2016

Laurdag troppa det opp to store lastebilar frå Ottem ved Matkroken. Dei var utstyrt for vegvasking, og når vi fikk kontakt med sjaførane kunne dei fortelje at dei hadde i oppdrag frå Vegvesenet å vaske Svinviktunnelen. Presis kl 10 sette dei i gang, og spyla ut all lort og støv som har samla seg i løpet av vinteren.

Les heile saka

Saftstasjon i finvêret…

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2016

Ein laurdag med sol og varme har nok inspirert mange til utandørs aktivitetar i dag. Vi har hørt plenkløpparar rundt heile bygda og mange har jobba med hagearbeid og anna tidtrøyte.  Attmed Sandstadkrysset hadde Maria og Edel Therese opna utebutikk på vegkanten, med salg av saft og grasløk. Salget av saft gikk bra, men med grasløken gikk det atskillig tregare! Kanskje prisen var feil?


Stem på månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Laurdag 21. mai 2016

Vi er godt i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt her.

Les heile saka

Buss i grøfta på Nordvik – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2016

Laurdag ettermiddag hamna ein buss i grøfta i Rabban på Nordvik. Bussen kom nok litt for langt utpå kanten da den møtte ein personbil, og dermed ga vegkanten etter og bussen hamna i grøfta. Det var to bussar i følge som hadde henta folk i Todalen, som var på veg til Surnadal, da den eine hamna i grøfta. Det var ingen dramatikk, men passasjerane måtte evakuerast ut gjennom takluka på bussen, og det gjekk greit uten at nokon vart skadd.

Les heile saka

Den store avreisedagen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2016

På Stabburstaket i Nilsstua har det i år hekka ei grågås. Dette har vi tidlegare omtala på Todalen.no for eit par veker sia. Fredag 20. mai var nok den store dagen og 5 fine grågåsungar vart klekte. Laurdag føremiddag fikk vi bilder av at mora tok ein luftetur med ungane på stabburstaket. Og alt laurdag ettermiddag var tida komen for avreise. Jon Bjarne, Liv Ingrid og Stig satt på terrassen og såg på at dei fem ungane hoppa ned frå taket – ein etter ein…

Les heile saka

Tusen år ein sommardag

Elinor Bolme Laurdag 21. mai 2016

Slik lyder ei strofe frå salmen « Så stilt som berre vinden snur» som er dikta av Edvard Hoem
Onsdag 25.mai kl.19.30 blir det Vårsongkveld i Ranes kyrkje.

Les heile saka

Billucas slo seg laus i kyrkja…

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mai 2016

Med konsertprogrammet «Ville vekster i rosentiden» hadde Billucas nærast førpremiere i Todalen kyrkje fredag kveld. Dei har turnert litt i distrikts-Trøndelag i april og mai, men programmet skal lanserast i Frimurerlogen i Trondheim først søndag kveld. Og todalspublikumet tok vel i mot dei og fekk faktisk skryt for at dei var lydhøre.

Les heile saka

Hagedag og plante loppemarknad på Åsen

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mai 2016

Surnadal museum og Surnadal hagelag samarbeider om årets  «hagedag» på museet på Åsen laurdag 21. mai. Hagelaget held sitt årlege planteloppemarked i gardstunet – her kan du finne eit spennande utval av planter og samtidig støtte ei aktiv forening! Museet inviterer litt seinare til boklansering, det er kildeskriftet «Jacob Chr. Tokles dagbok 1827-1838» som blir gitt […]

Les heile saka

Stavgang til Gammelfabrikken og Tjønnmyra….

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mai 2016

Torsdag hadde Stavgangruppa tur til Brusetmarka, Storfossen og Tjønnmyra på programmet. Med Gammelfabrikken som base og eit 40-tals frammøtte bar det ut på trimtur. Trimturen vart lagt opp Falla, med turopplegg etter eige ønskje med tanke på lengde og varigheit.

Les heile saka

Stor helikoptertrafikk – har si naturlege forklaring…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mai 2016

I ettermiddag har det vore stor helipokptertrafikk i bygda. Det er nok mange som har lurt på kva som har foregått, men det har si naturlege forklaring i at det er Svorka energi som driv med visuell kontroll av straumnettet.  Kontroll av straumnettet blir gjort i faste tidsintervall, og inspeksjon med helipokter er ganske effektivt […]

Les heile saka