Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velfortjent Kleivapris

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mai 2016

Dei tre forfattarane Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes vart velfortjent tildelt Kleivaprisen laurdag kveld. Dei tre har skrive historia om Kvenndalen og Søyådalen og dermed sikra mykje historisk materiale.

Les heile saka

Trønderar på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. mai 2016

Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.

Les heile saka

Familiedag med rekordforøk

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2016

Søndag er det familiedag med «Rasmus og verdens beste band» på Todalshytta. Under søndagens familiedag på Todalshytta vil det bli uoffisielt rekordforsøk i såpebobleblåsing, skriv Driva.no på sine nettsider.

Les heile saka

Aktuell Drivadebatt

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. mai 2016

For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, […]

Les heile saka

Med pensjonistlaget på busstur….

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mai 2016

Denne dagen gikk turen til Kårøyan – ikkje til fots, men pr buss. Kårøyan ligg i Hemne komune og er ein del av KNTs fjordrute og har såleis kvarteravtale med KNT, men det er altså bilveg dit. Vertskapet diska opp med traktering til Stavganggruppa da dei kom dit, samtidig som dei fekk høyre litt om historia til Kårøyan og livet på fjellgarden.

Les heile saka

Vårsøghelga med rikhaldig program

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mai 2016

Idag dreg Vårsøghelga i gang eit omfattande og variert program som går over 4 dagar. Kleivakvelden som i år er flytta til laurdag kveld er sjølvsagt juvelen i programmet, og byr mellom anna på Wenche Myhre, Anders Eljas og duoen Henning Sommero og John Pål Inderberg. Søndag ettermiddag tek Vårsøghelga ein avstikkar til Todalen og Todalshytta med […]

Les heile saka

Nydeleg trimtur i godveret

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. mai 2016

Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.

Les heile saka

Todalen Mjølk: Viste fram nyfjøset

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mai 2016

Onsdag inviterte Todalen Mjølk til omvisning i det nye mjølkefjøset på 2400 m2 som vart teke i bruk rett før jul. No er det aller meste på plass, og det var tid for å vise fram det nye moderne fjøset, eit opplegg dei hadde laga i samarbeid med leverandørane. Det er Fjøssystemer som har vore hovudentreprenør for det nye fjøset, men i tillegg er det bruka mest lokale leverandører i prosjektet. Mange tok turen til Pestua og Todalen for å sjå det nye mjølkfjøset onsdag ettermiddag….

Les heile saka

No kjem sommarvêret…

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mai 2016

Vêrvarselet den næraste 10-dagersperioden likar vi godt! No kjem sommartemperaturane viser vêrprognosane på yr.no, som viser fram 20-talet på enkelte av dagtemperaturane. Heile 10-dagersperioden er utan nedbør, sjølv om prognosane er mest usikre i slutten av perioden.

Les heile saka

Trim – Fellesturar til lokale turmål

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mai 2016

Trimgruppa i Todalen Idrettslag er i gang med årets fellesturar for trim til lokale turmål, melder leiar Jorunn Nordvik. Dei inviterer alle som har lyst på litt trim i lag til å møte opp og bli med på tur. Dei har foreløpig sett opp terminliste fram til slutten av juni, men bebudar at det skal […]

Les heile saka

Ny stikkrenne på gang ved Halsabrua

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mai 2016

Tysdag kveld var vegen stengt for trafikk oppover bygda ved Halsabrua. Det var maskinentreprenør J. Reiten frå Halsa som jobba med å skifte ut ei gammelsteingrøft som hadde kollapsa og erstatta denne med ei PVCrør av litt grovare dimensjon.

Les heile saka

Vi skal være der når du treng oss …

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mai 2016

For eit og eit halvt år sia laga vi ei sak om Anna Britt og Palmer Vikan som slutta i faste jobbar og tok over drifta av Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå. No har dei vorte ”varme i trøya” og vi kom på at vi skulle invitere oss heim på ti-kaffe for å høre kor det gikk.

Les heile saka