Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fiskar godt, men færre fiskarar..

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juni 2016

Det er framleis godt laksefiske i Toåa, men dei siste par dagane har det vore litt færre fiskarar. Det har nok samanheng med at det enno er få som har gått ut i ferie, men utover veka reknar vi med at det blir fleire igjen. I dag er vassføringa rundt 13 m3/sek ved Storfossen, og det er fine forhold for fiske.

Les heile saka

Straumstans natt til fredag

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juni 2016

Svorka Energi melder om straumstans for strekninga Eidet, Stangvik og Todalen natt til fredag. Det blir straustans frå torsdag kveld kl 23 til fredag morgon kl 06:00.

Les heile saka

Fikk opp farten på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juni 2016

Ole Ingar Strand frå Relacom fikk fart på datatrafikken på Bordholmen i dag. Han kjem frå firmaet Relacom som gjør installasjonsjobben for Svorka Aksess, og kobler til og kjører i gang nyinstallasjonar med fiberbasert breiband.

Les heile saka

Ny runde med fotterapi

Elinor Bolme Tysdag 21. juni 2016

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 4. juli på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.


Ball på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juni 2016

Neste tysdag, 28. juni, blir årets første «balldag» på Todalshytta, fortel Eric Malling. Han har hatt travle dagar med traktering og innlosjeringa av laksefiskarar sia opningsdagen, men no vil han etter kvart blåse liv i den tradisjonelle balldagen på tysdagar frå kl 14.

Les heile saka

Bli med på en familiedag med smell!

Elinor Bolme Måndag 20. juni 2016

Jakt, skyting og friluftsliv fenger mange, både unge og eldre. Surnadal skytterlag og Surnadal Jeger og fiskerforening inviterer søndag til en variert aktivitetsløype med mulighet for læring, konkurranse, flotte premier, mat og sosialt samvær for hele familien. Bli med du også oppfordrer arrangørene i de to lagene.

Les heile saka

Villsau og mykje anna på Smøla…

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juni 2016

Ein artikkel i tk.no før helga «tirra» nysgjerrigheita nok til at det ble søndagstur til Smøla denne helga. Jan Erik Larsen skulle laurdag Villsaubutikken.no på Stensøynesset på Vest-Smøla og dermed var ruta lagt. Ruta gikk til Hendset ferjekai og vidare gjennom Foldfjorden og til ferjekaia på Tustna og vidare til Edøya. Derfra går vegen til vestsiden, der […]

Les heile saka

Setertur i Ålvundliå

Marit Haugen, Stangvik Historielag Sundag 19. juni 2016

Veret vart litt «ruskåt» laurdag den 18. juni da Stangvik Historielag skulle arrangere tur til setrene (setertuftene) oppi Ålvundliå – og dette var nok mykje av grunnen til at så få, berre 6 stykkje + guiden Nils T. Ulvund, møtte opp.

Ålvundfjordingane setra og mange andre plassar, bl.a. Røyråhamran, i Todalen og i Søyådalen. Men her oppi Ålvundliå hadde Utistuå og Austistuå Ulvund, og Bønnan hatt setrer attover tida.

Les heile saka

Siste stavgangtur før ferien

Elinor Bolme Sundag 19. juni 2016

Surnadal pensjonistlag har siste stavgangtur før ferien førstkommende torsdag. Turen går denne gongen til Kårvatn og innover mot Nauståfossen. Oppmøte og parkering ved Kårvatn klokka 11. Det blir orientert om rasteplass før turen starter. Vel møtt alle sammen helser Pensjonistlaget!

Les heile saka

Sommer i Romådalen

Elinor Bolme Sundag 19. juni 2016

Romådalen er en flott og særegen fjelldal med minner etter seterdrift og markaslått. Et ypperlig turmål!, skriv turentusiast Harald Egil Folden i ein epost til redaksjonen i helga.

Les heile saka

Jamnt i toppen i tippinga

Ole Petter Talgø Sundag 19. juni 2016

No har alle laga i EM spela to kampar, og vi går inn i sluttfasen på gruppespelet. Det er fortsatt 12 kampar igjen av gruppespelet, pluss 15 kampar i sluttspelet. I toppen av Todalen.no sin EM-tippekonkurranse er det særdeles jamnt, og det virkar som om det er ein ny i tet etter kvar kamp. Det er også 14 personar innafor 4 poeng, og 31 innafor 8 poeng. Med andre ord heilt åpent med tanke på at det fortsatt er mogleg å få 81 poeng.

Les heile saka

Hagelagstur til Averøya

Sverre Kjølstad Laurdag 18. juni 2016

Surnadal Hagelag avviklet sin årlige sommertur søndag 12. juni. 25 hageentusiaster gjekk om bord i bussen på Skei i morgentimene, og satte kursen for Averøya. Værgudene viste seg fra sin beste side med strålende sol fra en nesten skyfri himmel. Vel framme på Kvernes ble vi tatt i mot av Rune Grip og Svein Kongshaug som stilte sine hager til disposisjon. Første stopp var hagen til Rune Grip som hadde bygd opp et imponerende hageanlegg i en bratt skråning.

Les heile saka