Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Comeback, og banens beste

Elinor Bolme Sundag 21. august 2016

Laurdag spela Surnadal sitt herrelag mot Rollon 2, som også ligg nederst på tabellen i 3. divisjon. Surnadal gjekk dessverre på nok eit tap, trass god tru på at dei skulle vinne på forhånd. Frikk Hauglann Talgø spela sin første kamp på lange tider, etter ein skade i vårsesongen, og vart kåra til banens beste med sitt innhopp i 2. omgang.

Les heile saka

Finvêrstur med stavgang rundt Igltjønna

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2016

Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med ein finvêrstur til Rindal og stavgang rundt Igltjønna. Første stavgangturen samla heile 37 deltakarar, som sette kvarandre i stemne i det flotte og velordna friluftsområdet.

Les heile saka

Latteren sitt laust i Todalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. august 2016

Eg følte meg veldig heime og kan konstatere at latteren sitt laust i Todalen, sa Jon Schau etter forestillinga. Jon Schau kan konstatere at showet «En gal mann vender hjem» som skal kjørast på revyteatret Chat Noir, sitt som det skal etter ein vellukka generalprøve på Todalshytta.

Les heile saka

Åpent bibliotek

Elinor Bolme Torsdag 18. august 2016

Måndag kveld er det igjen åpne dører ved Todalen bibliotek melder utlånsansvarleg Karen Johanne Talgø. Har du ønsker om spesielle bøker, både norske eller framandspråklege er det berre å ta kontakt, så ordnar Karen bestilling. Både frå Surnadal og Oslo.

Les heile saka

Torsdag: Jon Schau kjem til Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. august 2016

Torsdag kveld kl 20.00 kan du høre og sjå Jon Schau i hans nye show «En Gal Mann vender hjem» på Todalshytta i Todalen. – Jon Schau er tilbake på humorscena og gjestar altså Todalen med sitt show på ein slags førpremiere, før han dreg i gang sine forestillinger på Chat Noir i Oslo fra 16. september og utover hausten.

Les heile saka

Trist å sjå tomme solsenger på stranda…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. august 2016

Vi hadde for eit par veker sia eit lite intervju med Torbjørn og Rannveig Brøske som reiste til Alanya på teneste for Sjømannskyrkja. – Situasjonen var spent i Tyrkia etter kuppforsøket, og vi lurer sjølvsagt på korleis det har gått etter at dei kom på plass på Sjømannskyrkja. Det er tross alt unntakstilstad enno!

Les heile saka

Godt oppmøte til skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. august 2016

Førebuingane til storviltjakta er i god gang, og på skytebanen til Søya og Todalen skytterlag i Ranheimsvingen var det i kveld stor aktivitet. Når det obligatoriske prøveskotta var unnagjort, var det berre å prøve seg på sjølv skyteprøven som er 5 skott på dyrefiguren og alle må treffe innafor ein sirkel på 30 cm i […]

Les heile saka

Slutt for i år!

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2016

I skrivande stund (kl 22) er det eit par timar til årets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt. Etter fleire «magre år» har årets sesong vore eit synleg bevis på at laksefisket kan gå i bølgedalar og at får oppleve både gode og dårlige år for laksefisket.

Les heile saka

Stavgangarane på tur igjen

Elinor Bolme Måndag 15. august 2016

Surnadal pensjonistlag startar oppatt med sine populære stavgangturar førstkommande torsdag klokka 11. Denne gongen er det tur til Rindal og Igeltjønna.

Her blir det så klart muligheiter for bading for den som vil det. Arrangørane håpar på finvêr og stort frammøte!


Søyacupen med kampoppsett klart

Elinor Bolme Måndag 15. august 2016

Årets Søyacup laurdag 27. august ligg an til å bli ein rekordcup, med til no heile 72 påmeldte lag. Allerede no er første versjon av pulje- og kampoppsett klart for alle klassane bortsett frå dei aller yngste (J06/G06) der arrangørane ventar på nokre lag til før kampoppsettet er ferdig.

Les heile saka

Våte småfiskarar

Elinor Bolme Sundag 14. august 2016

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger- og fiskeforening til fisking og sosialt samvær på Kårvatn. Dessverre var det elendig vêrbruk denne ettermiddagen, så få tok turen oppover til sommarfjøsvollen på fisking og grilling. Elva var i største laget, så det vart heller ingen storfangst. Men eit par stykker var unggutane i kontakt med.

Les heile saka

Interessant og triveleg kulturvandring på Årnes

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. august 2016

Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.

Les heile saka