Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygdebokkontoret kjem på fotografering i «gamle Stangvik»

Elinor Bolme Onsdag 7. september 2016

I fjor haust vart det fotografert hus til ny bygdebok i området Hyllbakkan til Røgrenda. Over helga vil representantar for bygdebokprosjektet fortsette med fotograferingsarbeidet i «gamle Stangvik». Dei startar ved vegenden på Brøskja og arbeider seg i retning Kvanne.

Les heile saka

Lokaloppgjør i favør Surnadal

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

I kveld var det duka for nytt lokaloppgjør på Bordholmen. I denne kampen var det jentene i 12-årsklassen frå Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen 2 som møtte Surnadal 1. Begge laga var klar for seier når vi tok ein prat før start. Jentene frå Surnadal kunne fortelje at dei hadde vunne det meste heile sesongen. Seinast i helga, på Jentecup i Trondheim.

Les heile saka

Snart klart for ny Vandrefestival

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

Førstkommande helg blir årets hovedarrangement under Norsk Vandrefestival arrangert. I år er temaet mat, med alskens variantar av utemat. Årets hovedbase er denne gongen ved Igeltjønna i Rindal. I løpet av dagane 8. til 11. september ser vi vel 30 ulike arrangement på agendaen. Alt frå kokkekurs, bokbad og frokost i det fri.

Les heile saka

Nye åpningstider

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

Kårvatn Fjellutstyr AS melder no om endring i sine åpningstider framover. Frå og med denne veka har dei langope på torsdagar i staden for tirsdagar.

Les heile saka

J12 kamp på Bordholmen

Elinor Bolme Måndag 5. september 2016

I morgon blir det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Denne gongen er det Kamp i klassen J12, der laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen møter Surnadal klokka 18. Kiosken blir open med bakels og graut og høve til ettermiddagskaffe for den som tek turen. Ellers kan vi også minne om førstehjelpskurset i regi Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som også […]

Les heile saka

Frode Alnæs kommer til Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Måndag 5. september 2016

Lørdag 10. september kommer Frode Alnæs til Bøfjorden. Det blir en helt unik konsertaften i grendehuset denne kvelden, skriver Bøfjordnett på si nettside. – Frode vil servere musikk frå hele sin karriere og innimellom vil det garantert bli en god dose med humor også. Bli med og lage god stemning du også, oppfordrer Bøfjordnett på si nettside.

Les heile saka

Cafe i vegkanten i Sandstadkrysset

Jon Olav Ørsal Måndag 5. september 2016

Søndag ettermiddag dukka det plutseleg opp ein kaffeteria i vegkanten på Kvennset. Midt i Sandstadkrysset må då være den mest sentrale plassen for å dirve kafeteria, og her var det nystekte (og finpynta) muffins som stod på menyen, saman med litt saft attåt.  Det var Maria og Edel Therese som hadde utsal av bakarvarer, og kanskje er dette starten på ei vegkro på Kvennset – den gamle billagsgarasjen kan være høveleg lokale.  Her er det Lars kvendset som kjøper seg bakverk til ettermiddagskaffen av dei to unge damene.



41 tok turen over fjellet til Ålvundeid

Jon Olav Ørsal Sundag 4. september 2016

Det vart ein litt regnvåt start på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid søndag. Men vêrgudane tok seg inn etter kvart og både tåka og regnvêret ga seg etter kvart og gjorde innspurten på dagens Trollheimsmarsj til ei triveleg oppleving. Det er i år 7. gongen at I.L. Ulvungen og Todalen arrangerer Trollheimsmarsjen i […]

Les heile saka

Trollheimsmarsjen er i gang!

Jon Olav Ørsal Sundag 4. september 2016

Den første bussen med deltakarar er forlengst komen til Todalen og dei første deltakarane er på veg opp lia i retning Ålvundeid. Eit stort trettital starta iløpet av den første halvtimen, men starten går heilt fram til kl 11. Leiar i Todalen I.L. Steinar Frøystad lika dårleg regnbygene i dag tidleg, men trøsta seg med at det var meldt likare vêr utover dagen.

Les heile saka

50 år – feira seg sjølve i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. september 2016

I august 1966 var 1953-kullet dei aller første til å flytte inn på nybygde Stangvik skule som ligg ved det gamle Melhuskrysset. Skulen var så uferdig enno, at dei måtte balansere gjennom gangen på plankar for å kome seg inn på klasserommet. Laurdag var 18 av dei 26 elevane i klassen tilbake for å feire at det er gått 50 år sia dei starta på sitt 7. og siste år på barneskulen.

Les heile saka

I morgon: Er du klar for Trollheimsmarsjen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. september 2016

Søndag står Trollheimsmarsjen på plakaten, med start frå kl 8.30 og utover til kl 11. Trollheimsmarsjen går frå Bordholmen i Todalen og over fjellet til Alvundeid – med målgang på Leikvoll stadion innan kl 17. Påmelding skjer på Bordholmen før start, og det er sett opp bussar frå Ålvudeid 7.45, 8.45 0g 9.45 med start frå Leikvoll.

Les heile saka