Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og triveleg kulturvandring på Årnes

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. august 2016

Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.

Les heile saka

Banerekord, igjen!

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

Redaksjonen har motteke nok eit bevis på ny banerekord på frisbeegolfen på Bordholmen. Ingen tvil om at dette engasjerer dei som driv med sporten, da det denne gongen er ein surnadaling som har sendt oss eit bilde av sin runde. Ove Nortun har dermed rekorden på 21 kast.

Les heile saka

I kveld: Konsert med Terje Nordgarden

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

I kveld er det konsert på Todalshytta. Eric Malling fortel at Terje Nordgarden går på scena uansett vêr og føreforhold. Det er tenkt utekonsert med både spellemann og publikum under tak for eventuelt nedbør. yr.no lovar betring til kvelden, så verre enn det er no på formiddagen skal godt gjerast å tangere. Uansett vil Malling ha peisestua klar om vêret ikkje bedrar seg. For konsert blir det!

Les heile saka

No begynner det å haste med skyteprøve…

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. august 2016

Har du fått gjort unna skyteprøven før hustjakta startar? Det er no 3 måndagskveldar att med skyteprøve på skytebanen i Ranheimsvingen. To av dei kveldane er du nødd til å møte på skytebanen for å skyte 3o treningsskott før skyteprøven kan gjennomførast. Det blir arrangert skyteprøve dei 3 måndagskveldane som er att i august – […]

Les heile saka

Stort jubileum på golfbanen i dag

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

I dag arrangerer Surnadal Golfklubb sitt 10 årsjubileum med storstilt golfturnering og åpen dag på golfbanen på Kvanne. Her er over 50 påmeldte spelarar frå både Trøndelag og store deler av Møre og Romsdal til til turneringa som startar no klokka 11. Turneringa er estimert til å vare i ca 5 timar for dei som er påmeldt der, men publikum er også velkomne til å sjå, og ikkje minst prøve seg sjølv. Klubben har lagt opp til fleire familievenlege aktivitetar på golfbanen denne dagen, så dei håpar mange te ein tur for å være med på jubileet.

Les heile saka

Lokaloppgjør avlyst

Elinor Bolme Fredag 12. august 2016

Knut Bergli i fotballgruppa melder om at den tidlegare omtala fotballkampen i morgon mellom Todalen og Søya er utsett til eit seinare tidspunkt. Grunna kraftig regn er banen midlertidig stengt.


Ny banerekord

Elinor Bolme Torsdag 11. august 2016

I ettermiddag dumpa det ned ein epost om ny banerekord på frisbeegolfbanen på Bordholmen. Som nemnt tidlegare var banerekorden på 23 kast. Eit snitt på 2,55 kast per korg. No med eit snitt på 2,44, og 5 under par som de ser av oppsettet under.

Les heile saka

Nytt fjøs på ein dag….

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. august 2016

Litt overdrevet det da kanskje, men veggane kom iallfall opp på ein dag. Det er i Austistua det pågår bygging av nytt mjølkefjøs i sommar, og etter at grunnarbeid og fundamentering er gjort unna var det onsdag klart for å få på plass veggelemente som er produsert hos MøreRoyal i Surnadal. På føremiddagen i går dukka det opp eit stort vogntog, som hadde mesteparten av veggelementa på lasset.

Les heile saka

Surnadal JFF – Elvefiske på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Tradisjonen tru – ein ny dag med elvefiske i regi Surnadal Jeger og fiskerforening. Dei inviterer til treff på Sommarfjøsvollen fredag 12. august i tidrommet 18-20.  Her blir det servering av grillmat ved gapahuken, melder Surnadal JFF.  Ta med fiskeutstyr dersom du har – eller kan du få låne utstyr slik at alle skal få prøve å fiske i elva. Velkomen til ein sosial og triveleg kveld for heile familien!

 


Årets lokaloppgjør?

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Laurdag er det dags for sommarens store lokaloppgjør på Bordholmen. – Da braker Todalen (A-lag/Old boys) saman med Søya, med Terje Nordvik som myndig og upartisk dommar.

Les heile saka

Kulturvandring på Årnes

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Laurdag den 13. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere ny «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte ved Grendahuset (gammelskulen) på Årnes kl 11.00. Det er god plass til parkering ved fjøset i Jørristua.

Les heile saka

Spansk aften på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Pakkhuset Kro minner om at dei arrangerer «spansk aften» fredag  12. august frå kl 18.30. I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryller fram mange spanske rettar denne kvelden.  Liste for påmelding ligg ute på Makroken Todalen.

Les heile saka