Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete: Fin septemberdag

Ole Petter Talgø Tysdag 11. oktober 2016

For september kan vi gratulere Jon Bruset som vinnar av månadens bilete med «Fin septemberdag» med over 70 av dei 180 stemmene. «Og hvem er du?» av Kristina Hammer kom på andreplass med rundt 40 stemmer. Nedanfor finn du alle månadens utvalgte bidrag. Vi gratulerer og lovar at premien overleveres ved første anledning.

Les heile saka

Todaling på pallen i NM i Rindal

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2016

Det er vel berre så vidt at vi har dekning for å kalle Simen Halle Haugen for todaling kanskje, men vi har iallfall dekning for å seie at det er todalsgener i han.

Les heile saka

Tilbake i Todalen – 51 år sia første gongen…..

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2016

I dag trefte vi Ronny og Ulla Wikås i Brusetmarka – dei er tilbake på gamle tomter i Todalen. Frå 1965 og til langt utpå 70-talet var Wikås-familien frå Halmstad på ferie i Todalen og faktisk heile sommaren – iallfall det meste av laksesesongen. Første sesongen var campingvogna plassert på campingplassen til Ola Holmå ved Halsabrua, men alt neste år flytta dei oppi Brusetmarka og var der i mange år.

Les heile saka

Tirsdag: Medlemsmøte i Pensjonistlaget

Elinor Bolme Måndag 10. oktober 2016
Surnadal pensjonistlag melder om medlemsmøte i morgon tirsdag til vanlig tid på vanlig sted.
Berit Okstad fra kommunen vil orientere om planene for Svartvassområdet.
Ellers blir det song og musikk, quiz (?), servering og utlodning.
Vel møtt!


På turne til Skålvikfjorden…..

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2016

Laurdag kveld dro Jon og Hans til Skålvikfjorden på musikalsk «avskjedturne». Om det var i regi av «Jobus», «New Jobus Singer» eller «Knukens janitsjar» veit ikke vi, men Jostu stillte med trekkspell og Hans med Saksofon, og ærendet var å underhalde på gourmetfest i Løvik grendahus – heilt yttert i Skålvikfjorden. på Halsahalvøya.

Les heile saka

Elinor Bolme Sundag 9. oktober 2016

Frå faglærar Siri Skjerve ved Todalen skule har vi fått ein liten «kontaktannonse» der ho etterlyser nokon som kan være med å lære dei minste skuleklassane å strikke etter haustferien.

Les heile saka

Straumlaust, men løysing i sikte på Todalsøra…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2016

Siste nytt når det gjeld straumbrotet på Todalsøra, og brannskaden på el-nettet, er at de 6-7 husstandane får att straumen i løpet av ettermiddagen ein gong. Nettvakta på Svorka fortel at dei startar arbeidet med utbetring av skaden om ei lita stund, og dette skal være ein jobb som er fort unnagjort.

Les heile saka

Branntilløp på Todalsøra i går kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2016

Straks før midnatt vart det meldt brann få Todalsøra. Det var brann i ein koblingsboks i ein straumpåle like ved Naustvollen og dermed vart brannvesenet kobla inn. To mann frå det lokale brannlaget i Todalen var raskt på pletten og fikk fort kontroll på branntilløpet.

Les heile saka



Stavgangstur frå Hamnes og utover…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2016

Stavganggruppa finn ein flott haustdag på Hamnes torsdag. Eit trettitals spreke stavgangarar samla seg på Hamnes som utgangspunkt og gikk innover på sørsia av Hamnesfjorden i retning Bæverfjorden. Her¨frå var det fin utsikt over til Solemsøya og etter kvart også Snekvikneset og innover mot Bele på nordsida av fjorden.

Les heile saka