Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sonerenn  i  strålande  forhold

Sonerenn i strålande forhold

Elinor Bolme Laurdag 27. februar 2010

Skigruppa i Todalen IL arrangerte sonerenn i klassisk stil ved skulen i går. Godt og vel 40 ungar stilte til start i eit strålande solskinn. Da kan det nemnast at dominansen var utanfrå Todalen denne gongen. Mykje folk som fekk sjå Todalen frå si beste side i dag.

Les heile saka


Unormal  vinter

Unormal vinter

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2010

Vi har opplevd ein unormal kald vinter, der temperaturane over lang tid har vore låge når ein samenliknar med dei siste vintrane. Jon Bruset har i over 20 år registrert minimums- og maksimumsteperaturane heime på Småhjellå. Vi har fått e-post frå Jon, der han skriv om registreringane han har gjort, og han skriv: «Dei fleste […]

Les heile saka

Imponerande  russerevy!

Imponerande russerevy!

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2010

Fredag kveld var det premiere for russerevyen «Russ 10 Eventyrland», og det var underhalding av ypperste klasse. Imponerande er vel kanskje det rette ordet for å beskrive revyen. Mest imponert var dansinga og songen, men heile forestillinga var fornøyeleg og god underhaldning som kan anbefales.
Tre av aktørane i revyen er frå Todalen. Det er Jan Vidar Øyen, Ingvild Stensby og Eirik Halle, som alle gjorde ein fin jobb på scena.

Les heile saka

Småbarnssong

Småbarnssong

Elinor Bolme Laurdag 27. februar 2010

Fredag formiddag var dei aller minste i bygda samla i Sanitetshuset for småbarnssong. Det var soknerådet som etter initiativ frå diakon Gry N Ebbesen som stod for arrangementet. Fem mødre med tilsaman 7 born møtte fram.

Les heile saka

Historielaget  med  kulturminneatlas  –  og  årsmøte.

Historielaget med kulturminneatlas – og årsmøte.

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2010

Det er stor aktivitet i historielaget for tida, fortel ledar Maren Ansnes. Det er no årsmøtetid, og torsdag 4. mars kl 19.30 har laget årsmøte i Todalen Ungdomshus. Forutan vanlege årsmøtesaker vil det bli eit interessant kåseri med Bernt Bøe, og ein presentasjon og demonstrasjon av den nye internettsatsing www.kulturminneatlas.no.

Les heile saka

Siste  dag  på  jobb  for  Nils

Siste dag på jobb for Nils

Jon Olav Ørsal Fredag 26. februar 2010

Fredag har Nils Øyen sin siste arbeidsdag på Talgø Møbelfabrikk i Todalen. Med det er ein lang arbeidsdag over, og Nils blir såkalla AFP-pensjonist. Torsdag var det på tampen av dagen arrangert avskjedlag med kaffe og blautkake for alle ansatte ved fabrikken, og sjølvsagt gåver og blomster til Nils.

Les heile saka

Sigmund Tjelle ny Driva-redaktør

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2010

På Driva.no kan vi lese at redaksjonssjef Sigmund Tjelle er tilsatt som ny redaktør etter Ole Petter Pedersen som no forlet redaktørjobben i Driva for å bli redaktør i Kommunal Rapport. Sigmund Tjelle er nok godt kjent i lesarkretsen etter mange år i Driva, dei 10 siste åra som redaksjonssjef.

Les heile saka

Enno  bilettar  att  til  Solfesta

Enno bilettar att til Solfesta

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2010

Billettsalget til solfesta i Ungdomshuset laurdag 27. februar pågår enno. Siste frist for å kjøpa billett utsett til fredag 26. februar.

Les heile saka

Todalsdagen  –  laurdag  3.  juli

Todalsdagen – laurdag 3. juli

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2010

Todalen I.L. er i full gang med planlegging av Todalsdagen. I år som i fjor er det Bjørn Hauglann som er stemnets general, og han seier at Todalsdagen 2010 skal bli ei stor fotballfest for dei yngste.

Les heile saka

Norsk  Vandrefestival  søker  bidragsytarar

Norsk Vandrefestival søker bidragsytarar

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2010

I tidsrommet 10. -15. august er det klart for Norsk Vandrefestival på Kårvatn. Dette er den første ordinære vandrefestival, og i denne perioden blir det både Base-Camp for arrangementet og Vandrekonferanse på Kårvatn. Første dagen er det åpningsseanse og konferansedag. Det ligg an til at både Kristin Krohn Devold og Rune Gjeldnes vil delta.

Les heile saka


Side 581 av 601« Første...579580581582583...Siste »