Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årsmøte  i  historielaget

Årsmøte i historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen historielag i Ungdomshuset. Det var oppmøtt eit tjuetals medlemar da historielaget summerte opp eit aktivt år i 2009. Laget har over 170 betalande medlemar, og det må vel kunne seiast å være bra når det er knappe 350 innbyggarar i bygda (med smått og stort).

Les heile saka



Hugs  å  stemme  innan  17.  mars!

Hugs å stemme innan 17. mars!

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

På www.verdiskaparen.no er Kårvatn v/Gudmund Kårvatn nominert til «Årets verdiskaper 2010». Vi i Todalen.no tykkjer han må vera ein sterk kandidat med både ny butikk på nylåven og ikkje minst barneTV-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Todalen.no minner om at fristen til å stemme er til og med 17. mars, og at du kan stemme så mange gongar du berre vil.

Les heile saka

Hugs årsmøtet i historielaget!

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. mars 2010

Todalen historielag minner om årsmøtet som foregår i Ungdomshuset torsdag kveld 4. mars kl 19.30. Forutan valege årsmøtesaker vert det kåseri med Bernt Bøe og demonstrasjon av www.kulturminneatlas.no. Vel møtt!

Les heile saka

Blir  det  eit  stort  skoglag

Blir det eit stort skoglag

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. mars 2010

I Tidens Krav kan vi lese at dei tre skoglaga i kommunen; Todalen, Åsskard og Surnadal vil slå seg saman til eit stort skoglag. Faktisk har dei ambisjonar om å bli det største skoglaget i fylket. Dette har dei sendt ut pressemelding om, og du kan lese meir om dette på nettsida til TK .

Les heile saka


Ærefullt  oppdrag…

Ærefullt oppdrag…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mars 2010

Frå Knut Haugen har vi fått e-post. Han skriv om fotballaget som har fått litt av et ærefullt oppdrag: «Om knappe to uker er det serieåpning i Tippeligaen, med bl.a. storkamp på Aker stadion mellom Molde og Rosenborg. Men det blir også en spesiell kamp av andre årsaker. Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 har nemlig fått det ærefulle oppdraget som ballhentere.

Les heile saka

Vert  det  mildare  i  mars?

Vert det mildare i mars?

Jon Bruset Måndag 1. mars 2010

Etter to svært kalde månader håpar dei fleste no på meir vårlege temperaturar i mars. Men statistisk sett må ein vere forberedt på at også mars oftast er ein kald og stabil vermånad. På dei siste 20 åra treng ein berre gå tilbake til 2006 og 2007 for å finne ytterpunkta temperaturmessig.

Les heile saka

Karnevalstid  på  Aldersheimen

Karnevalstid på Aldersheimen

Jon Olav Ørsal Sundag 28. februar 2010

Ved Aldersheimen i Stangvik vart dem inspirert til å arrangere karneval etter at dei las i avisa om arrangementet på Sjukeheimen i Surnadal. Dermed svinga dem seg rundt og fredag 26. var alt klart. Vi har fått informasjon og foto frå aktivitør Borghild Talgø og Else Margrete Haugen.

Les heile saka

Skogskursa  ferdig  –  planer  om  nytt  seinare

Skogskursa ferdig – planer om nytt seinare

Jon Olav Ørsal Sundag 28. februar 2010

Siste veka vart det arrangert to kurs, eit i stell- og eit i bruk av motorsag. Kursa har kome i stand i samarbeid mellom Godt mot, Todalen og skogbruksetaten i Surnadal kommune. Det var Sven Olav Svinvik som var kursansvarleg og Ingebrigt Landsem frå Rindal som instruktør.
Det praktiske øvingane har foregått i ein granbestand hos Ståle Ansnes, ovanfor husa til Nils Øyen, Hjellan.

Les heile saka

Kulinarisk  Solfest

Kulinarisk Solfest

Jon Olav Ørsal Sundag 28. februar 2010

Det går vel ikkje an å seie at undomshuset var fyllt til trengsel på Solfesta laurdag, men dei førtitals gjestane som deltok var godt nøgd. Og dei kosa seg med god mat og fin musikk, men hadde nok spist seg alt for mette til å få skikkeleg sving på dansen.
Med Todalen idrettslag som arrangør og Todalen kokkelaug (dei som hadde vore på HammerStuene på kokkekurs i vinter) som gjestekokkar vart det ein kulinarisk kveld i Ungdomshuset. Kokkane, med kjøkkensjef Håvard Halset i spissen, fekk mykje skryt for maten.

Les heile saka

Side 574 av 595« Første...572573574575576...Siste »