Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene



Det skjer mykje positivt på indre……

Jon Olav Ørsal Fredag 24. mars 2017

Måndag presenterte leiinga for SuSu-programmet veldig positive tal fra SSB-statistikken for Indre Nordmøre. I Sunndal og Surnadal samla er det ein auke på 156 nye arbeidsplassar for dei to kommunane, – ein auke på 2,4 % i perioden 2013 – 2016.

Les heile saka

Årsmøte på rekordtid for historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 24. mars 2017

Årsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.

Les heile saka

Siste strikkekaffe før påske

Elinor Bolme Torsdag 23. mars 2017

Laurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.

Les heile saka

Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. mars 2017

Todalen historielag minner om at dei har årsmøte torsdag 23. mars.

Sjå plakat her:

Les heile saka

Ny runde med jegerprøvekurs

Elinor Bolme Onsdag 22. mars 2017

Surnadal jeger og fiskeforening inviterer no til ein ny runde med jegerprøvekurs. Det vil bli oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Endelig program blir tilsendt når dette er klart.

Les heile saka

Skuletur til Bollknobben

Elinor Bolme Tysdag 21. mars 2017

Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv presenterer vi i dag eit bilete frå ein skuletur til Bollknobben frå tidleg -50 tal. Ein hyggeleg tur, etter oppstillinga å sjå til.

Les heile saka

Vårmesse i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2017

Også i år arrangerer Surnadal Normisjon misjonsmesse på våren. Velkomen til ein hyggeleg dag med sosialt samver og misjon på Eidet
bedehus laurdag 25. mars. et blir loddsal og sal av varer og kaffe/mat frå kl 13. Møte med program og trekning av hovedlotteri, daglotteri og kakelotteri frå kl 16.

Les heile saka

Natta og dagen er like lang

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mars 2017

Endeleg har dagen teke igjen natta! I dag er det vårjamndøgn, og da er natta og dagen like lang over heile verda. I dag er det også soloppgang på Nordpolen, og det markerer sjølvsagt at ein startar på sommarhalvåret, og godt er no det!

Les heile saka

Skileik med stor innsats

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mars 2017

Det stod ikke på innsatsen da dei minste var samla til barni løypa og skileik på Tjønnmyra i dag. Aktivitetane var samla rundt den nye og flotte gapahuken, der bakelspressa gikk på spreng under arrangementet.  Det var Todalen ILs ski og friidrettsgruppe som stod som arrangør, og kombinerte aktivitetar både for store og små utover […]

Les heile saka