Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimgruppa dreg i gang vårens fellesturar

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mai 2017

No har TILs trimgruppe klart sitt vårprogram. Det startar alt åndag kveld, med kveldstur til Nauståfossen. Vidare utover våren er det lagt opp til turar til Gammalsetra, Dalasetra og Ansnessetra – ein familietur til Stor-Johannestålla har det også vorte plass til.

Les heile saka

Fotballsesongen i aldersbestemte klassar godt i gang.

Elinor Bolme Torsdag 18. mai 2017

I kveld var det lokalderby mellom samarbeidslaget Surnadal/Søya/Todalen og Sunndal i klassen G14 på Bordholmen. Sunndalingane var hakket sterkare og hadde komandoen begge omgangane. Sluttresultatet vart til slutt heile 14-0 til bortelaget.

Les heile saka

Inviterer til kulturvandring på Kvennset

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mai 2017

Laurdag kl 14 inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Kvennset. Kvennsetgarden har mykje å by på, vi kan berre nemne både gammelt og nytt kraftverk, settefiskanlegg, møbelindustri og historia om gamle sommarfjøs på Kvennsetøran.

Les heile saka

Til Brusetmarka, Gammelfabrikken og Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mai 2017

Denne veka gikk pensjonistlaget stavgangtur til Todalen. Det var oppmøte på Gammelfabrikken, og så gikk turen opp Falla og vidare til Tjønnmyra, der den store og flotte gapahuken vekte stor oppmerksomheit.  Her vart det ein liten pause før tilbaketuren, og med nokre regndråpar var det fint å kome under tak i den nye gapahuken som […]

Les heile saka

17. mai på Nordvik 2017

Sverre Kjølstad Onsdag 17. mai 2017

Det var med bange anelser 17. mai komiteen gjekk til sengs i går kveld, da regnelingene sto i kø utover kvelden. I morgentimene i dag var det også noe duskregn, og etterpå kom skodda sigende. Men utover formiddagen ble det revner i skydekket, og sola tittet etter hvert fram.

Les heile saka

Torsdag kveld: – G14 fotball på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Torsdag kveld (18.mai kl 19.00) er det årets første kamp på Bordholmen. Det er G14 Søya/Surnadal mot Sunndal 1. Ta turen til Bordholmen – det er fleire todalingar på Surnadal/Søya-laget. – Sal av bakels og graut og andre varer i kiosken, rapporterer fotballgruppa.

Les heile saka

Grunnlovsdag med folketog og tale for dagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Den siste delen av feiringa av grunnlovsdagen starta på ettermiddagen med gudsteneste i Todalen kyrkje, og folketog til skulen, der det var både matservering, allsong, tale for dagen og leikar for borna.

Les heile saka

Heile bygda kom til frukost

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Etter at biltaogen var ferdig var det samling på bordholmen til felles friluftsfrukost. Fotballgruppa i Todalen I.L. har i feire år servert frukost på Bordholmen, og det er både sosialt og triveleg å samlast på føremiddagen og Knut Bergli i TILs fotballgruppe fortalte at det var knappe 150 som nytta høvet til å ta frukosten på Bordholmen denne dagen.

Les heile saka

Tradisjonelt biltog starta feiringa av nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Biltoget i Todalen har tradisjonar heilt attende til 60-talet, da bilsalet vart frigitt etter 2. verdskrig. I dag fikk vi iallfall sjå at det finns ein flott og moderne bilpark i bygda, da både bygdefolk og tilreisane – rundt 50 i talet – kjørte i prosesjon frå Matkroken på Kvennset og oppover til gammelfabrikken i Brusetmarka – og nedover bygda igjen og til Bordholmen der det var samling til felles frukost.

Les heile saka

Frukost på Bordholmen!

Elinor Bolme Tysdag 16. mai 2017

Fotballgruppa i Todalen Il er ansvarleg for dagens 17. mai frukost. Dei melder no om at det blir servering på Bordholmen etter biltoget. Dei siste åra har det vore i Ungdomshuset, men i år ser det ut til at veret spelar på lag, slik at det blir uteservering på Bordholmen.

Les heile saka

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mai 2017

Lørdag 20.mai kl 16.00 og søndag 21.mai kl 14.00, avvikles kulturskolens store danseforestilling. – Da samles alle danseelevene fra Halsa, Rindal og Surnadal i en felles oppsetning i Storstua på Skei. Kulturskolen inviterer dere alle til å komme å se og oppleve den spennende fargereisen, FARGERIKET.

Les heile saka