Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skifte i «Galleri Kaffekroken»….

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. mai 2017

Nytt månadsskifte markerer skifte i «Galleri Kaffekroken».  Sissel Halset Storslett har i april stilt ut nokre av sine kunstverk til glede for folk som har vore innom, og hog er godt nøgd med responsen. No er turen komen til Studio Saksen, der Kristine Saksen Ulvund disponerer veggane i Kaffekroken i heile mai månad.

Les heile saka

Kvikk komikk med Statsteatret og Karoline Krüger

Elinor Bolme Onsdag 3. mai 2017

«1950 Spionen» gjestar Surnadal kulturhus onsdag 10. mai kl. 19.00. Framsyninga som tek for seg det glade og paranoide 50-talet har fått særs gode kritikkar. CIA, KGB, kald krig, kommunisme og angsten til Arbeiderpartiet. Alt servert på ei seng av reklame for sigarettar, alkohol og det nyaste innan kvitevarer.

Les heile saka

Klart for påmelding

Elinor Bolme Onsdag 3. mai 2017

Idrettslaget Søya har no åpna for påmelding til årets «SøyaCup». SøyaCupen 2017 blir gjennomført laurdag 26. august 2017 – og maks antall lag vil vere ca. 70 skriv klubben på si heimeside.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Onsdag 3. mai 2017

Vi er i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.

Les heile saka

Kan hestmøkk bli blomsterjord….

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mai 2017

Kirsty McKinnon er rådgjevar ved Nordsøk på Tingvoll. No leiar ho eit prosjekt som skal sjå på mulegheita for å lage blomsterjord av hestemøkk, og med seg på laget har ho gjengen på Hageland i Surnadal, der ho før helga var oppteken med spørreundersøking om korleis folk brukar blomsterjorda, og kva haldningar dei har til at den i framtida kan bli laga av mellom anna hestemøkk.

Les heile saka

Veien til GOLF-kurs

Elinor Bolme Tysdag 2. mai 2017

Helga 20.- 21. mai arrangerer Surnadal Golfklubb «Veien til GOLF-Kurs» på golfbanen.
Arrangøren ønsker alle som ønsker å bli kjent med golfsporten hjerteleg velkomne til kurset.

Les heile saka


Stikk UT! – ny sesong!

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. mai 2017

Flott start for ny Stikk UT!-sesong; nydeleg ver og stor aktivitet i trimrundane! Flest besøk i Surnadal kommune har det i løpet av dagen vore på den nye trimposten på Roparen i nedre Surnadal, men det var mange som var ute på trimtur både på Storhaugen og i Svinvikrunden.

Les heile saka

Opningstider i mai-dagane…

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2017

I mai er det mange ekstra raudagar på kalenderen. For Matkroken Todalen medfører det avvik i opningstida – nokre dagar er det koiskope og andre er butikken heilt stengt. Denne helga er det kioskope både søndag og måndag (1. mai) frå kl 16 til kl 18. neste raudag er 17. mai – da er butikken stengt.

Les heile saka

Konfirmasjon og dåp under dagens gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2017

Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, der Torbjørn Brøske var liturg og stod for dei kyrkjelege handlingane. Det er i år ein kyrkjeleg konfirmant i Todalen, så Kristian Hauglann Talgø fekk all oppmerksomhet åleine, men det klarte han godt. Men dagens gudsteneste hadde også ei dåpshandling på programmet, da Emil Johansen Mossing var båren til dåpen.

Les heile saka

Åpningsturnering på golfbanen

Elinor Bolme Laurdag 29. april 2017

Turneringskomiteen i Surnadal Golfklubb har nå lagt ut første del av årets turneringskalender, der de inviterer til årets åpningsturnering (individuell stableford) som spilles allerede førstkommende søndag 30. april.

Les heile saka

Trailersalg og søndagsope på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 28. april 2017

I dag starta vi sommarsesongen på Hagland, og det gjer vi med trailersalg over 3 dagar med fokus på hagamøbler. Vi har hatt skikkeleg trøkk i dag, og det reknar vi med at det blir heile helga. Men no er alle sommarvarene på plass i butikken, og i år er utvalet av hagemøblar større enn det har vore nokon gong, seier May Britt Dyrli som er dagleg leiar for butikkdivisjonen i Talgø.

Les heile saka