Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gje di stemme, og vær med og bestem…..

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2017

Søndag og måndag er det stortingsval i Noreg. Da er det viktig at du brukar stemmeretten din, for akkurat di stemme kan være avgjerande for resultatet av valet. Vi skal ikkje legge oss borti kva parti du skal stemme på, vi berre oppfordrar deg til å møte og gi di stemme. I Todalen er vallokalet ope frå kl 12:00 til 20:00

Les heile saka

Avslutning lagseriestemne på Tjønnmyra

Elinor Bolme Måndag 11. september 2017

Tirsdag klokken 18 inviterer ski og friidrettsgruppa til avslutning av årets lagseriestemne på Tjønnmyra. Idrettslaget stiller med pølse og brød, frukt og kaffe til alle som kjem.

Les heile saka

Fotballturnering med pizzakalas til slutt

Elinor Bolme Sundag 10. september 2017

Laurdag var knøttelaget til Todalen IL invitert til Grøa for ei vennskapsturnering på tampen av fotballsesongen. Fire klubbar med tilsaman 7 lag var i aksjon, og tilbakemeldingane tilseier eit topp arrangement.

Les heile saka

76 gikk over fjellet frå Ålvundeid til Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

L. feira 100-årsjubileum i 2008 og har heile tida vore eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga.  Dagen starta med sol frå skyfri himmel, og sjølv om det etter kvar skya til, så vart dette ein drømmedag i fjellet.

Les heile saka

Rypejakta er i gang…

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

I dag startar rypejakta – frå i dag og fram til 23. desember er rypene fritt vilt, og det er nok mange som har drege til fjells for å få med seg dei første dagane av jakta. På skihytta er årets haustblot innleia, og den vanlege gjengen har installert ser der. 

Les heile saka

Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

I morgontimane i dag har starten gått for Trollheimsmarsjen 2017.  Nytt i år er at starten går frå Leikvoll stadion på Ålvundeid og over til målgang på Bordholmen stadion i Todalen. 3 bussar har gått frå Todalen og til Ålvundeid med folk som skal delta. – Finare forhold enn det er i dag får du neppe.

Les heile saka

Rusletur i Småbåthamna og Sissigrenda

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. september 2017

Måndag 11. september blir det ny Kløverrusletur melder turgruppa i Sanitetsforeninga. Denne dagen er turen lagt til Småbåthamna og Sissigrenda. Her kan ein rusle rundt både med rullator, stavar eller krykkjer.

Les heile saka

Sosial fotballdag i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. september 2017

Laurdag var det fotballdag heile dagen i Ungdomshuset.  Det skjedde i regi av Todalen idrettslag, som ønska å få til meir aktivitet i Ungdomshuset, samtidig som det er  veldig sosialt å sjå fotball i lag.  Da kan du kome og sjå favorittlaget ditt eller andre viktige kampar som du har lyst til å sjå.  Laurdag var det premiere for opplegget med 3 engelske fotballkampar på programmet.

Les heile saka

David Gilmour på kulturhuset

Elinor Bolme Laurdag 9. september 2017

Den kjente gitaristen i Pink Floyd har oppsøkt kanskje det mest klassiske konsertstedet for supergruppa. Nå kan du få være med på konsert med David Gilmour i Pompeii. For Surnadal kino har valgt å overføre opptak fra konserten(e) onsdag 13. september (verdenspremiere).

Les heile saka

Samla gener i rekordfart

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. september 2017

Fredag kveld var ein gjeng frå Todalen elveeigarlag ute på stamlaksfiske, og denne kvelden gjorde dei eit skikkeleg scoop og samla inn heile 19 laksar til avlsarbeidet. Stamlaksfiske foregikk i Øvre- og Nedre hølen nedafor Brusetnesset.

Les heile saka

Krigsepos som onsdagstreff

Steinar Hasselø Laurdag 9. september 2017

Surnadal kulturhus startar oppatt med «onsdagstreff» og først ute er framsyning av den gode krigsfilmen «Dunkirk» – servert med kaffe og ein godbit i etterkant.

«Onsdagstreffa» er mest med tanke på dei som har tid, eller helst vil, oppleve noko på dagtid – og innhaldet vil variere med alt frå foredrag, til kino og levande kultur.

Les heile saka

Røde Kors – inviterer til ettermiddagskaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. september 2017

Surnadal Røde Kors – Omsorg ønsker velkomne ettermiddagskaffe i Røde Kors-huset på Bøvra førstkomande tysdag kl 14:00 til vanleg tid kl 14.00.  –  og ønskjer både nye og gamle deltakere velkomne!

Les heile saka