Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pilfletting – kunstverk frå naturen

Jon Olav Ørsal Sundag 24. september 2017

Denne veka har det vore gjennomført eit kunstprosjekt i Svinviks arboret.  Pilfletting har stått i fokus, og det har vore kunstnarane Jorun Kraft Mo og Marit Moen som har vore prosjektleiarar, medan deltakarane i prosjektet har vore lærarar og andre som har lyst til å lære denne kunsten – mellom anna har Start 4H vore aktive deltakarar i programmet. 

Les heile saka

Markerer Den Internasjonale eldredagen i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Sundag 24. september 2017

Surnadal pensjonistlag og Eldrerådet markerer Den internasjonale eldredagen på Surnadal kulturhus den 6. oktober kl 11.00, der dei inviterer til middag og underhalning. Alle er velkomne til å bli med på arrangementet, der det er inngangspengar på kr 150. Påmelding til Jorunn Ness, tlf. 90151989 innan 4. oktober. 


Sørsida tok storhjorten

Jon Olav Ørsal Sundag 24. september 2017

Hjortjakta er godt i gang, men så langt har det ikkje vore så stor aktivitet. Hittil er det stort sett Kårvatn Jaktlag som så langt i jakta kan vise til resultat, medan Kvennset felte ein spissbukk forrige helg. Sist laurdag gikk imidlertid storhjorten i garnet på Sørsida jaktlag.  Vekta viste 143 kg etter at hjorten var slakta, og det skal være ein av dei største som er felt på Sørsida i nyare tid.

Les heile saka

Tysdag: Medlemsmøte i pensjonistlaget

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. september 2017
Surnadal Pensjonistlag arrangerer medlemsmøte på sjukeheimen 26.9. kl 1500, melder leiar Kristian Ranes.  Det blir song og musikk, quiz-konkurranse, servering og loddsal. Vi ønskjer alle vel møtt!

«Full pott» for Demensaksjonen 2017

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. september 2017

Årets Demensaksjon i Surnadal kommune ga full pott – kr 110.960,00, og sjølvsagt ny rekord, fortel Liv Botten i Surnadal Demensforening til Todalen.no. Innsamlingsaksjonen er no avslutta, og Liv helsar med stor takk til årets russekull ved Surnadal Vidaregåande skole og til andre som har vore til stor hjelp under innsamlingsaksjonen.  På bildet er russen samla til kos med sjokoladekake etter at innsamlingsaksjonen var avslutta.


Brannvernveka – ei nasjonal brannøving

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. september 2017

Brannvernveka er ei brannøving som foregår på alle brannstasjonar over heile landet, og som blir runda av med open dag på alle brannstasjonar i dag. Open dag var det sjølvsagt på brannstasjonen i Todalen og, der det var mange som var innom for å sjå og høre om kva du kan bidra med i heimen.

Les heile saka

KløverRUSLEtur måndag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 23. september 2017

Måndag 25. september er det Kløverrusletur. Denne dagen går turen rundt om i Kvennsetøran bustadfelt, eventuelt innover skogsvegen som startar nedanfor Myrmo. Her kan ein rusle rundt både med stavar, rullator eller krykkjer.

Les heile saka


Brannvernveke – open brannstasjon på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 22. september 2017

Denne veka er det den nasjonale brannvernveka, der det er brannvernaktiviteter over heile landet. Her i kommune har det vore mange aktivitetar, mellom anna retta mot skuleane i kommunen. Laurdag er det opne brannstasjonar både i Todalen, på Kvanne og på hovudstasjonen i Røtet.  Da er stasjonane opne frå kl 11 til kl 14 for dei som ønskjer å kome innom for å sjå. 


Gründerstipend til Siri

Elinor Bolme Fredag 22. september 2017

Kunstnar Siri Skjerve var i haust ein av 17 som leverte søknad på startstipend for dei som innafor ei kreativ næring ønskjer å starte eiga bedrift i fylket. Og denne veka vart det klart at ho var ei av fire heldige som no får tildelt 100 000 kroner for å bruke til å etablere sin eigen arbeidstad.

Les heile saka

Stavgang til Vindøldalen og Kløftsetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. september 2017

Torsdag gikk stavgangturen til Vindøldalen, der det var samling på parkeringsplassen ved bommen, for transport innover dalen til Vindøldalen og Breiskarbekken. Breiskarbekken var  utgangpunktet for dagens tur, som gikk til Kløftsetra som ligg innerst i Vindøldalen.

Les heile saka

4H på kurs i pilfletting

Elinor Bolme Torsdag 21. september 2017

Start 4H har denne veka vore invitert til Svinvika på kurs i arbeide med pil i forbindelse med prosjektet DELING. Her har dei vore instruert av Marit Larsdotter Moen og Jorun Kraft Mo i ulike metodar i pilfletting. Og etter resultata og dømme, så har både lærarane og elevane arbeidd godt.

Les heile saka