Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete: Jordbærtyven

Ole Petter Talgø Måndag 9. oktober 2017

For september kan vi gratulere Marita Nordvik Bruset som vinnar av månadens bilete med blinkskuddet «Fin septemberdag» med 112 av dei 234 stemmene. Her finn du alle månadens utvalgte bidrag. Vi gratulerer og lovar at premien overleveres ved første anledning.

Les heile saka

Stor givarglede, nok ein gong!

Elinor Bolme Sundag 8. oktober 2017

I ettermiddag var det ope hus hos Todalen Sanitetsforening når dei arrangerte årets basar. Og huset vart til tider godt besøkt, av både gamal og ung. Leiar Maren Ansnes rosa bygdefolket som alltid støttar både saniteten og dei andre organisasjonene når loddsalg er promotert. Vi har eit fantastisk bygdesamfunn som støttar oss, konstaterte ho.

Les heile saka

Inviterer til konfirmantfest og jubileum

Jon Olav Ørsal Sundag 8. oktober 2017

Todalen sokneråd inviterer til konfirmantfest og jubileum for 50-årsjubilantane.  Det skjer laurdag 14. oktober kl 18 i Todalen ungdomshus, der det serveres middag og kaffe – og det blir litt ltt underhaldning. Søndag inviteres det også til gudsteneste i Todalen kyrkje kl 11, med vikarprest Bjørn Hovde. Festa er sjølvsagt open for alle – sjå […]

Les heile saka

Kløvertur til Nordviksetra

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. oktober 2017

Måndag 11. oktober går Kløverturen til Nordviksetra. Turen går stort sett etter fin skogsveg og etter grei stiga den siste biten.

Les heile saka

Redningsaksjon for småbåt på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. oktober 2017

Bølgene frå ein floing senka ein småbåt på Todalsøra i føremiddag.  Store nedbørsmengder det siste døgnet gjorde nok at den flaut tungt i sjøen, og når det så vart litt ekstra bølger så vart båten fylt med vatn og dermed gikk den rundt og sank.

Les heile saka

Saniteten: – Kjøp lodd og vinn!

Jon Olav Ørsal Fredag 6. oktober 2017

Søndag 8. oktober er det basar i Sanitetshuset.  Det er Todalen sanitetsforening arrangerer sin årlege storbasar, og da er det førehandssalg på Matkroken i fredag og laurdag slik at alle skal få ein sjanse til å støtte med litt loddkjøp.

Les heile saka

Undervannsmagi for hele familien

Steinar Hasselø Fredag 6. oktober 2017

Bli med inn i H.C. Andersens fantastiske undervannseventyr når teaterversjonen av «Den lille
havfruen» gjester Surnadal kulturhus torsdag 19. oktober kl. 1800. Nede under havets overflate venter prinser og havfrueprinsesser, havhekser og havkonger – og drømmen om å finne ekte kjærlighet.

Les heile saka

Ettermiddagskaffe på Røde Kors huset

Elinor Bolme Torsdag 5. oktober 2017

Omsorgsavdelinga hos Surnadal Røde Kors inviterer til ettermiddagskaffe som vanlig førstkommende tirsdag kl. 14.00 på Bøvra.

Kaker og kaffe samt utlodning.

 

 

 


Stavgang til Bettennesset i nabokommunen Halsa

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. oktober 2017

På årets nest siste stavgangtur vart det utflukt til nabokommunen Halsa, og stavgangtur til Bettennesset. Her er det fint tilrettelagt, med parkeringsplass på langrennstadion i Betna, så kan du ta runden oppetter vegen og gjennom skogen etter vegen som går fram til Bettennesset hyttefelt, der det er registrering av StikkUt-turen.

Les heile saka

Soknerådet takka dugnadsgjeng

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. oktober 2017

Sommaren 2017 vart graset på kyrkjegarden i Todalen slått på dugnad, og onsdag kveld fekk dugnadsgjengen takk frå soknerådet som spanderte kaffe og nydeleg kake. Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drifta av kyrkjene i kommunen, slit med trong økonomi og har ikkje pengar til å leige inn ferievikarar til sommarstell av kyrkjegardane.

Les heile saka

Sanitetsbasar på søndag

Elinor Bolme Onsdag 4. oktober 2017

Todalen sanitetsforening ønskjer alle velkomne til den årlege basaren i Sanitetshuset søndag 8.oktober frå kl. 14. Det blir trekning kl. 17.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for september

Ole Petter Talgø Onsdag 4. oktober 2017

Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Send inn dine bidrag på red@todalen.no eller bruk skjemaet nederst i Dagens bilete-arkivet.

Les heile saka