Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil presentere Nordmørsforfattarane

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mars 2018

At Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Anne Karin Elstad høyrer med blant Nordmørs-forfattarane, er alle samde om. Men kva med Arnulf Øverland – som er fødd i Kristiansund – eller Hans Kristiansen, Oslo-guten som mellom anna har skrive flotte dikt frå Kristiansund og frå Todalen?

Les heile saka

INF er bekymra for den sivile beredskapen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mars 2018

Indre Nordmøre forsvarsforening ( INF ) var nyleg samla til årsmøte. I ein uttale frå årsmøtet vil dei gje uttrykk for at dei er uroa over dei stadige øydeleggelsane som uver påfører samfunnet som følgje av klimaendringar. Årsmøtet oppmodar derfor kommunar og andre sivile instansar til å gå gjennom sine planar for beredskap og oppgradere desse, slik at vi i framtida mest muleg kan forebygge mot ekstreme vêrforhold.

Les heile saka

Nils Erik endte på 4.-plass i PyeongChang

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mars 2018

På dagens konkurranse i 12,5 km skiskyting stående, kom Nils Erik Ulset på ein 4.-plass til slutt. Ulset hadde ein bom i første skyting, og ein i andre, medan dei to siste skytingane var feilfrie. Det heldt likevel ikkje til medaljeplass under dagens øving i PyeongChang. Nils Erik kom i mål 4.54,1 attafor vinnaren, franske Benjamin […]

Les heile saka

Kløvertur i litt ruskut ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. mars 2018

Sjølv om det var snø i lufta og litt kald trekk, møttest åtte damer framfor Halsbua måndag 12. mars. Turruta vart bestemt i fellesskap der og da, og turen gjekk etter allmannvegen frå butikken innover Kvennsetgarden og rundt om Husbygardane.

Les heile saka

Full fart på skileik

Elinor Bolme Sundag 11. mars 2018

Ei knippe ungar var i dag på Tjønnmyra og «rasa frå seg» i løypa og anlegget rundt. Her var det også rå å få kvile seg med ei pølse eller to rundt bålpanna om behovet meldte seg.

Les heile saka

Velsmakande delikatesser og fokus på likestilling

Elinor Bolme Laurdag 10. mars 2018

Todalen sanitetsforening inviterte i dag naboforeningane til lokal Kvinnehelsedag, direkte frå Oslo kongressenter. Anledninga var at Norske Kvinners Sanitetsforening hadde streaming av sitt arrangement i Oslo, slik at enda fleire enn dei 1200 frammøtte i Oslo også kunne ta del i den store konferansen.

Les heile saka

Hamna på 6.-plass i første øving

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mars 2018

Nils Erik Ulset kan vel nærast reknast som reserve-todaling etter at han og sambuar Ingrid Kvendset Hagen kjøpte Teigen tidlegare i vinter. No er Nils Erik i PyeongChang, der han er deltakar i Paralympics. Fredag var det opningsseremoni og natt til i dag (norsk tid) deltok han i den første øvinga som var 7,5 kg ståande skiskyting.

Les heile saka

Sakliste årsmøte Todalen IL

Elinor Bolme Laurdag 10. mars 2018

Torsdag er det årsmøte i Todalen IL, og styret har sendt oss fullstendig sakliste til møtet. Her blir det ordinære årsmøtesaker, samt en del innkomne saker. Møtet starter klokken 19 i Todalen Ungdomshus.

Les heile saka

Har du en god historie du vil dele med Bente?

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. mars 2018

Bente Maalen budde i si ungdomstid fleire år i Todalen. Senere gikk veien til Trondheim og for så vidt ut i den store verden for å studere. Nå er Bente for lengst tilbake i Trondheim og har etablert seg i filmbransjen. I dag fikk vi epost fra Bente og spørsmål om vi kunne være med og bidra til å komme i kontakt med todalinger som har en god historie på lur – hun er nemlig med på et filmprosjekt om livet på bygda. Bla om og les hva Bente skriver, hun utfordrer nemlig todalingene til å bli med….

Les heile saka

«Intet mindre enn et mesterverk»

Steinar Hasselø Torsdag 8. mars 2018

Det er overskrifta når NRK skal anmelde filmen «Utøya 22. juli». Og dei er ikkje åleine om å hylle filmen til Erik Poppe. Fredag 9. mars har den premiere på Surnadal kino.

Les heile saka

Klart for skileik på Tjønnmyra

Elinor Bolme Onsdag 7. mars 2018

Todalen IL inviterer store og små til skileik på Tjønnmyra førstkommande søndag mellom klokka 14 og 16. Det ryktast om knallfine forhold etter ein lang kuldeperiode. Vegtrasseen er no ikkje lenger i bruk, og heile lysløypenettet er i tipp topp stand.


Stavgangerne holder koken

Bitten Ranes Onsdag 7. mars 2018

Stavgangerne i Surnadal fortsetter med trening i Trudvang mens de venter på sesongåpning i slutten av april. Også i dag ble vi tatt godt i mot med kaffe og bakels for 20 kroner etter endt trening.

Les heile saka