Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1600 2-åringar starta nytt liv i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mai 2018

I dag var det full rulle for Rossåa Settesfisk med utsetting av smolt i Toåa. Før helga vart 1600 2-årig smolt sett ut, og tysdag var tyren komen for rundt 2000 1-årig yngel. No startar dei ei farefull ferd som skal ende langt uti havet. Mange av dei vil nok bukke under på turen, men nokre vil nok kome att som små eller store laksar.

Les heile saka

Markering av Hans Hyldbakk 120 år

Steinar Hasselø Måndag 7. mai 2018

8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.

Les heile saka

Tre kule minier er månadens bilete

Mari B. Redalen Sundag 6. mai 2018

Favoritten til folket vart tre kule minier denne månaden, 67 av 202 stemmar. Vi gratulerer til Tone Søyset Døving.  Over skyen på ein soleklar andreplass.

Her kjem alle bileta med fotograf.

Les heile saka

Måndag: Hugs ekstraordinært årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2018

Det ser kanskje dramatisk ut når det blir kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Todalen i.L., men det er ingen dramatikk i dette, seier leiar Nils Ove Bruset. Det er to saker på agendaen, og begge vart utsett på det ordinære årsmøtet da det var ønske om ei grundigare førebuing av sakene. Det ekstraordinære årsmøtet er lagt til Todalen ungdomshus måndag 7. mai kl 20.

Les heile saka

Strandryddardag med stor innsats

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2018

Laurdag tok Nordvikgardingane eit skippertak for å samle plastsøppel både i strandlina og langs vegen. Klokka 10 gikk startskotet, og det var rundt 20 deltakarar frå starten, men fleire kom til etter kvart.  Det var strandlina frå Svinvika og heilt utover til Mulneset som vart rydda i dag. Gjennom TV og andre media har det […]

Les heile saka

Tid for maiblomster

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2018

Eit sikkert vårteikn er Sanitetskvinnenes sal av maiblomster. I dag var May Elisabeth Holten på plass utafor Matkroken, der ho bydde fram fleire typar maiblomster. På biletet er det Marit S. Søyset som er kunde og sikrar seg maiblomster både til bilen og til jakkeslaget.

Les heile saka

Ryddar etter vinteren på Krigsminnesamlinga

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2018

Laurdag stakk vi innom Krigsminnesamlinga på Åsen, der det var dugnad på andre dagen. Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og når vi blir fleire er det fort gjort å rydde etter vinteren. I maidagane er det og stor aktivitet både i Indre Nordmøre forsvarsforening og på Krigsminnesamlinga, fortel Olav Jostein Holten som er leiar i foreninga.

Les heile saka

Fylkeskonservator på arkeologisk besøk på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 5. mai 2018

Forrige veke hadde Surnadal kommune besøk av Fylkeskonservator Bjørn Ringstad og kollega Guro Dahle Sanden for å avdekke mulege historiske funn på Nordvik. Fylkeskommunen har innsigelse til den kommunale reguleringsplana  i området på grunn av nærheit til kulturminna som vart oppdaga under tomtegravingane tidlegare

Les heile saka

Dugnaden er i gang!

Elinor Bolme Fredag 4. mai 2018

I dag var første offisielle dugnadsøkta på Toåa Tursti i full sving. Dagens innsats vart lagt ned på Matkroken, kor det vart seld lodd til neste helgs basar i Ungdomshuset. Ragnar Halle og Carsten Bohle var første mannskap ut og kunne fortelje om stor positivitet til å både ta lodd og til sjølve prosjektet. 

Les heile saka

Dyktige strandryddarar

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Elevane ved Todalen oppvekstsenter nytta siste skuledagen i aksjonsveka «Hald Midt-Norge reint» til strandrydding i Todalsøran naturreservat. Dei hadde base på Bordholmen, og plukka søppel i sjøkanten i retning småbåthamna og sørover mot elva og Halsabrua.

Les heile saka

Stavgang i Bøfjorden

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Heile 37 trimmarar møtte opp til stavgang ute i Bøfjorden. Gjengen møttest på Elvaneset i godt ver, og derifrå gjekk folk i ulike retningar og i ulikt tempo.

Les heile saka

Nordvikstranda. Foto: Dordi J H

Strandryddedag på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Laurdag 5. mai er det den store strandryddedagen i Norge. På Nordvik følgjer dei opp ein god tradisjon og arrangerer strandrydding langs strendene på Nordvik.

Les heile saka