Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til alle frivillige i Kyrkja i Surnadal

Elinor Bolme Torsdag 7. juni 2018

Husk påmelding til «Blåtur»  mandag 18. juni  med oppmøte kl.18:00 v/ kirkekontoret på Skei.

Påmelding innen mandag 11 juni til diakon Gro Hauge Venås eller Aud Brynhild Indset

Les heile saka

Jamn kamp på Bordholmen

Elinor Bolme Torsdag 7. juni 2018

I går kveld fekk Søya/Todalen besøk av Tingvoll i klassen gutter 10 år på Bordholmen. Til no har dei lokale gutane møtt litt sterkare motstand, så dei øyna håpet om seier mot eitt av dei to Tingvoll-laga dei møter i serien. Heimelaget tok leiinga ganske tidleg, men Tingvollgutane held følgje slik at det sto 3-3 til pause.

Les heile saka

Fin, ny informasjonstavle oppsett i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Onsdag kveld i nydeleg ver vart ei ny og fin informasjonstavle oppsett ved starten av Svinvikrunden. Her kan ein lese historie om dei tre vegane som har utgangspunkt i Svinvika- vegar som er bygde i kvart sitt hundreår. Vidare er det opplysningar om trimruta, altså, Svinvikrunden, kart og bilete

Les heile saka

Ta laurdagskaffen på Skihytta

Mari B. Redalen Onsdag 6. juni 2018

Knut Halset inviterer til den årlege vaffeldagen på skihytta laurdag 9.6 . Yr melder opphald og sol så dette kan nok verta ein fin dag på «Ørsalmyranj»

Les heile saka

Utvida opningstid i Svinviks arboret i dag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Svinviks arboret melder at dei har utvida opningstid i dag, 6. juni. Dei held ope frå kl. 11.00 til 21.00. Dette skjer i samband med at Nordvik grendalag og Todalen historielag skal avduke informasjonstavle om Svinvikrunden kl. 19.00.

Les heile saka


PT-utvalget mobiliserer og inviterer til idédugnad

Elinor Bolme Tysdag 5. juni 2018

I går kveld hadde PT-utvalet styremøte og hadde i anledninga fått besøk av Surnadal Senterparti sin leiar Bergsvein Brøske. Bergsvein måtte innrømme at det var han sjølv som hadde invitert seg på besøk etter at han hadde lese på todalen.no at det skulle arrangerast møte hos PT denne kvelden. 

Les heile saka

Storveies oppmøte

Elinor Bolme Tysdag 5. juni 2018

Ski og friidrettsgruppa melder om storveies oppslutning på sesongens første lagseriestemne. Over 20 ungar med stort og smått møtte opp på Bordholmen for å delta i dei ulike friidrettsgreinene. Her var det både lengde, liten ball og 60 meter på programmet før dei populære trøbilane vart henta ut frå redskapshuset. Litt sur og kald vind […]

Les heile saka

Medlemsmøte i Pensjonistlaget

Elinor Bolme Tysdag 5. juni 2018

Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 12.6. kl 1500. Vi får underhaldning frå kulturskulen, vidare song og musikk, orientering, loddsalg og servering. Ta med songboka! Vel møtt!


Avduking av informasjonstavle

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juni 2018

Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.

Les heile saka

Fellestur til Gunnøya langs Toåa tursti

Elinor Bolme Måndag 4. juni 2018

Trimgruppa åpnar trimsesongen med ny trimbok og kveldstur til gapahuken i Gunnøya onsdag. Dette er ein tur som kan starte i begge endar: både frå Bordholmen eller frå Bønnavollen, og går etter deler av det som skal bli Toåa Tursti. Ein kan gå fram og tilbake eller gå den som rundtur. På fellesturen er det oppmøte ved Bordholmen kl 18.30.

Les heile saka