Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full rulle, også når dei litt eldre spelar

Elinor Bolme Sundag 26. august 2018

Surt, kaldt og vått vêrbruk la ingen dempar på hverken innsats eller humør hos dei tre fotballaga som møttes til dyst i Nordmøre Championship på Bordholmen i kveld. Likevel vart ikkje temperaturen på spelarane så høg at det måtte roast ned, eller at nokon vart skadde.

Les heile saka

Strikkekaffe med godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. august 2018

Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.

Les heile saka

Fotballglede i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

God og vel 500 små og ivrige fotballspelarar fordelt på 13 klubbar i alderen 6-12 møttes til nok ein vellykka Søyacup i dag. Og med 18 års erfaring i cuparrangement kan Leif Magne Andersen som er leiar i fotballgruppa konstatere at alt gjekk etter skjema, nok ein gong.

Les heile saka

Koret Credo ønsker nye medlemmer velkomne

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Damekoret Credo startar no på nytt semester og vil gjerne ha fleire med. Koret øver kvar tysdag på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19.00 -20.30. Kantor  i Surnadal, Oddveig Helset Halle er dirigent og leiar for koret og ynskjer nye medlemmar velkomne i koret.

Les heile saka

Kven er du?

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Skuleåret har starta opp att, og elevane har allerede byrja på med både fag og leik. VI har fått tilsendt ni portrettintervju som elevane i 5. – 7. klasse har gjort. Dei gir oss sjansen til å bli betre kjent med elevane i 1. og 2. klasse.

Les heile saka

Stavgangarane på Ranessetra

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

I går var stavgangarane i regi Surnadal Pensjonistlag på ein fin tur til Ranessetra.  En bra gjeng dro av sted i det fine været.

På Ranessetra vart gjengen tatt vel imot og fekk servert nykoka kaffe fra svartkjelen og nista vart fortært.

Les heile saka

Det blir RAUS 2018 i september

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Det har lenge vore uklart om det blir noko RAUS 2018 på Todalshytta i år. No er det avklara at NOPA støttar dette låtskrivarprosjektet for 4. år på rad, og bakgrunnen for det er gode erfaringar og resultat frå tidlegare arrangement, seier Eric Malling på Todalshytta. Malling er glad for at dette no har gått i orden og dermed er det duka for nytt låtskrivarverkstad på Todalshytta frå 23. – 26. september, der arrangementet avsluttes med ny RAUS-konsert onsdag 26. september.

Les heile saka

Villaksarrangement for barn og unge

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

Surna Elveeierlag og fiskeutvalget i Surnadal Jeger og fiskeforening inviterer barn og ungdom til Villaksens dag i Skeishølen i Surna tirsdag 28. august kl 18.

Begge desse laga arbeider mykje med rekruttering i Surna og dette blir det siste av mange arrangementer i løpet av årets sesong.

Les heile saka

Fredag kveld: Lykkestund i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Fredag kveld kjem Lykkestund-gjengen til Todalen ungdomshus med sin konsert. Det er Svanhild Husby som har teke initiativet til denne minikonsertrunden som starta først i Sagatun sist fredag kveld og som fortsette i Lauvtun i Betna laurdagkvelden og som no kjem til Todalen ungdomshus komande fredagskveld. Dei har fått fantastisk tilbakemelding frå publikum i Sagatun og i Betna. No gler dei seg på fortsettelsen i Todalen og sluttførestillinga i Billaget på Surnadalsøra

Les heile saka

KløverRUSLEtur måndag – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. august 2018

No er det på nytt tid for ein RUSLETUR. Sanitetsforeninga inviterer til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå måndag 27. august. Her er det fine, faste grusvegar å gå etter, og det er fint å ta seg fram både med rullator, krykkjer eller stavar. Her kan ein gå kort eller langt, ta ein rundtur eller berre rusle fram og tilbake, gå på flate marka eller ta med eit par motbakkar. Etter trimturen blir det kaffelag med graut og bakels i gapahuken.

Les heile saka

Ein smak av ei ny årstid

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

I går fikk vi ei lita påminning om at sommaren alt er på hell, og at ei ny årstid er i anmarsj. Nysnøen dukka iallfall opp både i Snøfjellet, Skjeringfjellet og Grinaren, og det slo sjølvsagt ut på gradstokken som i dag kl 07 viste temmeleg nøyaktig 6 varmegrader. I løpet av natta har imidlertid temperaturen vore nede på 4-talet, og det var litt hustre i dag tidleg.

Les heile saka

Beste treninga er den som blir gjort..

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Torsdag kveld samla fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen full sal i Sanitetshuset. Temaet var trening for «vaksne», og det var tydeleg at dette var eit emne som engasjerte mange, og leiar Maren Ansnes kunne ønskje rundt 40 deltakarar velkomne. Ingrid er ei travel dame som har heimetenesta i Surnadal kommune som arbeidsplass, og i tillegg driv ho med studier på halvtid der Klinisk helsevitenskap er faget med hovudvekt på smerte. Torsdag heldt ho altså foredrag for eit lydhørt publikum i Sanitetshuset.

Les heile saka