Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Natt til fredag blir det strømutkobling – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juni 2019

På grunn av nødvendig arbeide på strømnettet, varsler Svorka om strømutkobling i området Surnadalseidet – Todalen – Melhus – Kvanne – Stangvik – Torvik, komande torsdag 27/6 kl. 23.00 til fredag 28/6 kl. 06.00. (blir det ekstraomgangar så blir det ca 23.30)
Det var mange protestar frå fotballfans som gjorde at Svorka endra utkoblingstida.

Les heile saka

Tur til Rødsetsetra på Ålvundeidet

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. juni 2019

Laurdag 29. juni inviterer Stangvik historielag til setertur, målet er Rødsetsetra på Ålvundeidet. Turen startar frå Rødsetgarden kl. 10.30. Da passar det å ta ferje frå Kvanne kl. 10.00. Parkering ved fjøset på garden.

Les heile saka

Snart asfalt, men først utskifting av stikkrenner

Elinor Bolme Tysdag 25. juni 2019

Strekninga Åsbøen-Svinvik på FV614, er som kjent bevilga ny asfalt denne sommaren. I den forbindelse planlegg Mesta no å skifte ut ein del stikkrenner før ferien. -Vi planlegg å ta nokre av desse på natt. Derfor blir vegen delvis stengt natt til torsdag 27.juni og natt til fredag 28.juni, fortel prosjektleiar Kjetil Rønning i Mesta.   Utrykningskjøretøy og […]

Les heile saka

Passkiosken på lensmannskontoret er ute av drift

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juni 2019

Lensmann Olav Halse beklagar at passkiosken ved lensmannskontoret er ute av drift på grunn av tekniske problem. Det er høgsesong for å fornye pass for tida, så dette passa dårleg, men han håpar at det går fort å kome i drift igjen. – Vi ventar på ein del til passkiosken, men vi er usikre på kor lang tid det tek å få delen hit, men håpar sjølvsagt at dette går fort. I mellomtida kan Sunndal lensmannskontor og Aure lensmannskontor yte bistand.

Les heile saka

Dugnad før Todalsdagen

Elinor Bolme Måndag 24. juni 2019

No er det nedteljing til Todalsdagen, og Anders Gjeldnes som held i alle trådar før årets happening kan fortelje om rimeleg god kontroll i dei fleste komitear.  Banekomiteen har blant anna så god kontroll at dugnaden som var tiltenkt på onsdag ikkje er nødvendig.

Les heile saka

KløverRUSLEtur i sommarver

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. juni 2019

Måndag 24. juni inviterte Sanitetsforeninga til Rusletur, siste Kløverturen i vårsesongen 2019. Dette vart ein fin sommardag, så da gjekk turen til Småbåthamna der det er fint å samlast ved sjøen.

Les heile saka


Sesongslutt med stavgang til Åsskard

Sverre Kjølstad Måndag 24. juni 2019

Torsdag 27. juni er det klart for siste stavgang før sommerferien. Da tar vi av like før Åsskard kirke og kjører ned til en stor parkeringsplass. Derfra går vi vestover i ca. 45 min. før vi snur og går samme veien tilbake.

Les heile saka

St. Hansfeiring med stort bål og fyr på grillen

Jon Olav Ørsal Sundag 23. juni 2019

Toåa tursti inviterte til St. Hans-feiring ved gapahuken i Gunnøya søndag kveld. Sjølv om regnbygene gikk ganske tett utover dagen så klarte ikkje vêrgudane å skremme bort folket som ville delta på feiringa. I samband med tursti-dugnad var det samla saman eit stort bål med kvistar og anna rusk og rask, og handelsmann Nordvik kom med dieselkanna si og jammen fekk han fyr på bålet til slutt.

Les heile saka

Måndag 24. juni startar oppskytinga

Jon Olav Ørsal Sundag 23. juni 2019

Måndag 24. startar oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen, melder Søya og Todalen skytterlag. Deretter blir det skyting på måndagar frå 8. juli og fram til 26. august som er siste dag for oppskyting. Til skyteprøven for storviltjakt må du ha 30 prøveskot før du kan ta skyteprøven, og du må ha to kveldar på skytebanen.

Les heile saka

Felles St. Hansfeiring i Gunnøya

Elinor Bolme Sundag 23. juni 2019

Søndag kveld klokka 18 blir det stort felles St Hansbål i Gunnøya. Det blir enkelt opplegg der alle tek med seg mat og drikke sjølv som ein kan kose seg med rundt gapahuken etterpå. Anledning til å varme både pølser og anna høveleg grillmat på bålet.

Les heile saka

Jonsokfeiring på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. juni 2019

Nordvik grendalag melder at det blir Jonsokfeiring i dag, 23. juni, i Nistufjøra. Grendalaget stiller med varme grillar frå kl. 18:00 og utover. Ta gjerne med noko å sitje på. Vel møtt til store og små!

Les heile saka