Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På ”Utpågang”, igjen!

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. september 2016

Stig Husby og resten av gjengen på Amfi Kreativ har vore på ny utpågang.  – Dei har vore rundt omkring både i Surnadal og Sunndal kommune, og kan presentere mykje godt og lokalt stoff i den nye utgåva av magasinet ”Utpågang”.  Mellom anna har dei besøkt Gudmund og Cathrine på Kårvatn – som blir presentert over 4 sider i den nye utgåva.

gudmundcathrine_1496

Gudmund og Cathrine har fått 4 sider i den nye utgåva av magasinet «Utpågang». Foto: Jorid J. Aarvåg/Amfi Kreativ

Magasinet ”Utpågang” dumpar i postkassen din i dag, og da er det berre å starte lesinga med ein gong. – Vi tjuvstarta i går kveld, og har klare anbefalingar til deg som har lyst til å følgje med på kva som foregår på heimplassen din. Har du ikkje fått magasinet i postkassen, kan du sjølvsagt lese det digitalt ved å følgje linken til siste nummer av ”Utpågang” og lesa det her.

Frå Surnadal er det også fyldig omtale om gründerverksemda Karen Oddnys hus og hage, og om kjøkkenspesialisten Randi Heggetveit på Byggmakker, som flytta til Surnadal i sommar og som allereie er på plass i Surnadal Hornmusikk.

Frå Sunndal kommune er familien Tjugum/Rønningen som har flytta heim att til Sunndal presentert i stor bredde. Elles er Nofima, som forskar på framtidas fiskeoppdrett i fokus. Brei presentasjon er det også av Idefestivalen, som blir betegna som fyrtårnet i entreprenørskapsarbeidet i Sunndal. Frå Sunndal kan vi også lese om turarrangøren Contrast Adventure Norway, der Anne Stine Mathisen er leiar og om Sunndalspotet som no er midt i potetopptakinga.  Til slutt er det rockarane frå Ålvundfjord som kallar seg ”Heimkar” som rundar av 32 sider med godt lokalstoff som skal skape bulyst i Surnadal og Sunndal.

 

Først publisert: 22. september 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 21. september 2016, 20:13