Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På topptur til Neådalssnota

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mai 2015

Skisesongen er ikkje heilt slutt enno, men du må oppi hågda litt for å nå brukbart skiføre etter kvart. Jorunn Nordvik og Nils Ove Bruset tok sist fredag ein tur til Neådalssnota for å runde av årets skisesong. Jorunn hadde med kamera, og har på oppfordring sendt oss nokre bilde frå turen som starta frå Kårvatn til fots.  Skiføret nådde dei att på Dalasetra, og gikk på ski derifrå.

P1020057

Start frå Dalasetra – her får vi ha på skiene. Foto. Jorunn Nordvik

Og ho fortel at det var overraskande godt føre frå Dalasetra og innover Naustådalen, og på turen såg dei spor etter reinsdyr omtrent ut til dalasetra, men det var ingen reidsdyr å sjå. På turen innover Naustådalen trefte dei to menn, som hadde overnatta i naudbua i Naustådalen og som var på tur vidare om Neådalen. Elles hadde dei fjellet for seg sjølve og hadde ein fin tur innover Naustådalen og opp til toppen av Neådalssnota.DSCN0050

DSCN0052

Pause ved Naudbua. Foto: Jorunn Nordvik

DSCN0057

Ved Snotvatnet. Foto: Jorunn Nordvik

DSCN0069

Mot bygda frå Naustådalsfalla. Foto: Jorunn Nordvik