Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

..på sin daglege tur frå matfatet

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2015

Ein skokk med rådyr – 5 i talet denne larurdagen – er på tur attende til skogen, etter den dagelege turen til flomålet  ved Bordholmen. Da gjeld det å følge tidtabellen for flo og fjøre, slik at det blir litt mat å finne.

Rådyr_3026

…så bar det til skogs i gangfart oppver etter grøftekanten. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi veit ikkje om dei følgjer tabellen for flo og fjøre, men vi ser dei i allfall rett som det er – på veg til eller frå.  Laurdag føremiddag var dei på tur over vegen mellom Lunde og Utigarden på Kvennset, og mellomlanda i skogtoppen der – til kysten var klar for å fortsett etter grøftkanten oppover til skogs.

Publisert: 24. januar 2015, 12:54