Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På nett, men kontakt oppnås ikkje…

På nett, men kontakt oppnås ikkje…

Elinor Bolme Laurdag 23. mars 2013

I går kveld var ein heil del ungdomar samla i ungdomshuset for Start 4H sitt årvise LAN- arrangement. Her treffest ungdomane for å kople seg opp på eit felles, lokalt datanett begrensa kun for dei oppmøtte i Ungdomshuset. Spredninga av deltakarane varierte frå 4. klasse og heilt opp i 17-18 alderen, og over halvparten av deltakarane var faktisk utabygdes ungdomar. Og nettbruken varierte dertil. Dei yngste kjøyrde lastebil og traktorspel, medan dei litt eldre ((gutane) spela krigsspel mot kvarandre. Og jentene svirra stort sett litt rundt om kring, eller laga i stand eit fellesmåltid beståande av taco med alskens godt tilbehør.

Under er eit knippe bilder frå tidleg på kvelden.  Nokon hadde planer om å «overnatte» til i dag, medan andre versegod måtte finne seg i at dei var for unge og bli heimsendt. Alle foto: ElinorB

Først publisert: 23. mars 2013, 12:00 - Sist oppdatert: 22. mars 2013, 22:46