Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Leir på Gråhaugen i år også

Elinor Bolme Fredag 17. april 2015

Sokneråda i Halsa, Surnadal og Rindal inviterer alle born frå 7-14 år til sommarleirar på Gråhaugen fjellstue, som er ei privateid turistforeningshytte. Den ligg idyllisk til i Folldalen, der det ligg godt til rette for friluftsliv og anna aktivitetar.

Ein flott gjeng med ungdommar frå 16 til 27 år blir med som leiarar, og kjem til å vere aktive i det meste av programmet. I tillegg blir det med nokre vaksne frå kyrkjestaben.

På leir får du oppleve mykje kjekt! Her blir det bibeltimar, gå tur, leike, hobbyaktivitetar, synge, bade?? kort sagt: Ha det kjekt i lag! Dei som er med på overnattingsleir for tweens får overnatte i lavvo.

Gå inn på www.youtube.com og søk på Gråhaugen så får du sjå mange klipp frå tidlegare leirar!

 

Det blir arrangert 4 forskjellige leirar

Dagsleir: For dei som er født 2005-2008, og ikkje ynskjer overnatting.

Dato: 25. juni frå kl. 10.00 til 19.00

Ta gjerne med deg ein vaksen.

 

Overnattingsleir: For dei som er født 2004-2007

Datoar: 26.-28. juni og 29.juni-01. juli

 

Overnattingsleir for tweens: For dei som er født 2001-2003.

Dato: 03.-05. juli

Prisar:

Dagsleir kr 200

Overnattingsleir kr 700

50 kr i søskenmoderasjon pr deltakar

(Leirane er sterkt subsidiert)

Påmelding:

www.surnadal.kirken.no Dersom leiren du meld deg på blir full, får du tilbod om ein av dei andre leirane. Av erfaring blir nokre av leirane fort fulle, så det er lurt å vere tidleg ute. Første mann til mølla! Arrangørane er behjelpelege med skyss om det trengs.

Spørsmål? Ring: Elsa Jensvoll på 99518162

 

Publisert: 17. april 2015, 19:39