Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øyabrua- kva no?

Elinor Bolme Laurdag 17. mars 2018

Førstkommande onsdag er framtida for Øyabrua oppe til behandling i møtet for hovedutval for teknikk, miljø og næring. I saksdokumenta som no ligg ute på Surnadal kommune si heimeside er  saka godt presentert med nesten 15 sider redegjørelser, rapportar og kostnadsoversikt for ny bru frå firmaet Safe Control.

Rapportane er eintydige om at brua fortsatt ikkje kan åpnast for motorferdsel på bakgrunn av tidlegare situasjonspapport gjort på november -17, som resulterte i umiddelbar stenging for dette. Brua har derfor i perioden etter vore benytta til gang- og sykkelbru.

Alternativet er dermed i følge rådmannens innstilling i saka; ny bru eller ikkje. I den anledning inviterer John og Ragnhild Moe til eit ope møte i Todalen Ungdomshus søndag klokka 19.30 for å sette seg inn i sakspapira for eventuelle innspel til hovudutvalget.

Punkt 1 og 2 lyt nok aksepterast, men ordlyden i punkt 3 kunne kanskje vore formulert litt annleis.

Som nemt er alle saksdokumenta tilgjengeleg på kommunens si heimeside. Gå inn her å sjå heile: Hovedutval for teknikk, miljø og næring  12/18 21.03.2018 og scroll ned til side 134. 

Publisert: 17. mars 2018, 13:21