Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ostoppele frå Jo Sverre i Todalskyrkja

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2017

Rindalingen Jo Sverre Sande, eller Jo Sverre som er artistnamnet hans, samla bra med publikum til konserten sin i Todalen kyrkje i kveld. Sammen med gitaristen Bendik Brevik fikk vi ei flott musikalsk forestilling som begeistra tilhørarane som belønna artistane med rikeleg med applaus. Jo Sverre var deltakar på låtskrivarseminaret i sommar, og ein av melodiane «Ostoppele» kom til verda under opphaldet på Todalshytta. 

Mykje av musikken og tekstane som vi fekk høre er henta frå den nye CD’n «E» frå  Jo Sverre. Den har Jo Sverre og bandet jobba med i heile sommar, og den kom på marknaden for 3 veker sia. med det musikalske innhaldet på CD’n og med eiga julelåt var det musikk som det godt går an å framføre i kyrkja.  Og den første runden med intro av den nye CD’n har gått i 6 kyrkjer no i november – deriblant Rindal kyrkje og Ranes kyrkje. 

På denne runden har dei vore tosaman – Jo Sverre og Bendik. Men etter nyttår blir det full trøkk med heile bandet, og da vil det blir satsa på presentasjon av den nye CD’n over eit større område.  Den nye CD’n er gjeve ut både som CD og på vinyl og var til sals etter at konserten var slutt – sjølvsagt signert for den som ønska det.

Denne gjengen får vi nok høyre meir til, – og vi gler oss berre på fortsettinga!

Jo Sverre hadde med seg Bendik Brevik frå Heimdal som gitarist – resultatet vart ein flott konsert for eit begeistra publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

Jo Sverre trakterte både gitar og piano. Foto. Jon Olav Ørsal

Jo Sverre deltok på låtskrivarseminaret på Todalshytta i sommar. Der vart låta «Ostoppele» unnfanga. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. desember 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 30. november 2017, 22:57