Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sanitetsforening

Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.

Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.

Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet

Leiar: Maren Ansnes

Nestleiar:Kari Kvendset

Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe

Sekretær: Kristine Saksen Ulvund

Styremedlem: Ingrid Pedersen og Åse V Redalen

Vara: Steffi Bohle og Dordi Jorunn Halle

Husstyret: Anne Helene Halset og Synnøve Hole Talgø.

Ta kontakt med Anne Helene Halset på telefon 918 16 615 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.

Først publisert: 19. november 2009, 16:10 - Sist oppdatert: 10. mars 2019, 23:32

Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Side 27 av 36« Første...2526272829...Siste »

Brann, kos og hygge

Elinor Bolme Sundag 1. desember 2013

Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet.


Innspurt til jul….

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2013

November har vore i julemessenes teikn her på Nordmøre. Det starta med Rindalsmessa, og sia har det gått slag i slag. Laurdag var det Todalen sin tur, og julestemninga var til å ta og føle på i ungdomshuset. Dei fleste utstillarane var nok frå Todalen, men det var også innslag utabygds frå. Utstillarane hadde litt tå kvart å by på; både mat, strikkavarer, tresløyd og anna pynt.


Førjulstreff  med  brannvern

Førjulstreff med brannvern

Elinor Bolme Torsdag 28. november 2013

Søndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14.

Les heile saka

Basarrekord!

Basarrekord!

Elinor Bolme Tysdag 29. oktober 2013

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Med eit litt for lite lokale, nok ein gong, var det til tider varmt og høglytt med besøksrekord frå bygdafolket. Saniteten har vore sterkt frampå siste veke, med ein finger med i spelet på Stememrettsjubileet på Gammelfabrikken torsdag, og damene var derfor overvelda over kor mykje som kom inn etter at dei tok ei opptelling etter trekninga på basaren.

Les heile saka

Ein  kveld  verdig  Thora  Talgø!

Ein kveld verdig Thora Talgø!

Elinor Bolme Fredag 25. oktober 2013

Ein innhaldsrik og særledes triveleg kveld på bortimot 4 timar for dei ivrigaste frammøtte, vart resultatet av samarbeidet mellom Surnadal kommune, Talgø og Todalen Sanitetsforening når dei dro til å arrangere ein hyllningskveld for Thora Talgø og 100 år med almenn stemmerett for kvinner. Skepsisen til dei lokale i arrangørkomiteen med tanke på oppmøte vart på eit tidleg stadium av, ikkje ein realitet da det vart anslege bortimot 200 frammøtte på Gammelfabrikken.

Les heile saka

Tid  for  basar

Tid for basar

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2013

No er vi inne i ei tradisjonell basartid. Først ut i vårt område er Todalen sanitetsforening med basaren sin allerede førstkommande søndag i Sanitetshuset. Her bli det både dagens bord, barnebord og åresalg. Dei spanderer som vanleg kaffe med noko attåt.

Les heile saka

I  kveld:  Jubilerer  for  100  år  med  stemmerett

I kveld: Jubilerer for 100 år med stemmerett

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. oktober 2013

Torsdag 24. oktober markeres 100-årsjubileet for kvinnenes stemmerett. Markeringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø, og det skjer i Todalen på Talgø Utstillingssenter (Gammelfabrikken). Her blir det ei skikkeleg markering av jubileet, med eit allsidig program som startar kl 18.00, med Open kafé fortsetter kl 19.00 med eit innslag der Eivind Hasle fortel om kampen om stemmeretten som foregikk på slutten av 1800-talet, der vi også får knytt til eit rollespel med eit forsterka formannskap som aktørar.

Les heile saka

Sanitetskvinnene  vil  bli  fleire…

Sanitetskvinnene vil bli fleire…

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2013

Todalen sanitetsforening har alt mange medlemar, men dei vil gjerne bli fleire. Laurdag nytta dei difor finversdagen og innspurten på «Sanitetsveka» til å lage stand utafor Matkroken L. Hals. Med nystekte bollar og kakao som «lokkemiddel»,  fekk dei full fokus på arbeidet dei driv. Mange som var på handlerunde nytta høvet til å stikke bortom […]

Les heile saka

Oppstart  strikkekaffe

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Tysdag 3. september 2013

Førstkommande lørdag er det oppstart med strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Da er det fritt fram for alle handarbeidslystne å ta turen til huset for ein triveleg ettermiddag med sosialt samvær og noko lite å bite i melder arrangørkomiteen.

Les heile saka

Laber  Løftatur

Laber Løftatur

Elinor Bolme Tysdag 13. august 2013

Tirsdag var den årlege Løftaturen arrangert i regi av Saniteten. Dårleg ver og dårleg oppmøte la ikkje nokon dempar for dei få som møtte opp. Dei tok ruta rundt om Myrmo og opp den fine stien til trimboka på Løfta. Derifrå gjekk turen nedatt forbi grustaket, på hovudvegen før dei enda i Myrjarvegen og Sanitetshuset. […]

Les heile saka

Tur  til  Løfta

Tur til Løfta

Elinor Bolme Laurdag 10. august 2013

Førstkommande tirsdag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. I år er dei tilbake med kun tradisjonell gåtur rundt om Løfta, med utlodning og kveldsmat etterpå i Sanitetshuset. Oppstart ved Sanitetshuset, via Myrmo, opp til trimboka på Løfta og ned om grustaket og hovudvegen til slutt.

Les heile saka

Omsorgsberedskapen  har  fungert  bra  så  langt  i  Todalen

Omsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen

Elinor Bolme Laurdag 3. august 2013

Mange frivillige har dei siste dagane stått på for å få Todalen på rett kjøl igjen etter raset onsdag. Mange som uavhengige frivillige, og nokre organiserte som Todalen Sanitetsforening, Røde Kors og det lokale brannkorpset. Og ikkje minst Arnt Ivar Brøndbo som gjekk av si ordinære vakt som ambulansesjåfør rett før raset gjekk, og var dermed i Todalen ulykkesdagen. Han er no ein av dei som er med og bidrar til at folks liv og helse ivaretas i bygda.

Les heile saka

Side 27 av 36« Første...2526272829...Siste »