Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret 2018
Leiar: Nils Ove Bruset
Nestleiar: Steffi Bohle
Kasserer: Michal Heimlund
Sekretær: Elisabeth Kjos

Leiar, Fotballgruppa: (Velges ved konstituering av gruppa)

Leiar, Ski- og friidrettsgruppa: Gunnar Nordvik

Leiar, Trim og allidrettsgruppa: Jorunn Nordvik

Leiar, Bane/anlegg: Leiar 1: Gudmund i Kvendset 

Leiar, Driftsstyret, vinteranlegg, snøscooter og skihytta: Terje Nordvik

Leiar, Driftstyret, Ungdomshuset: John Moe

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 16. mars 2018, 00:20

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Side 72 av 82« Første...7071727374...Siste »
Spent  på  vêret  til  Trollheimsmarsjen?

Spent på vêret til Trollheimsmarsjen?

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2011

Det er nok mange som er spente på været til Trollheimsmarsjen. Langtidsvarslet for Møre og Romsdal er søndag: «Vind av skiftande retning, til dels kuling på kysten. Regn av og til». Men mykje kan skje enno når vi har slik skiftande vêrtype, og vi legg ein link for vêrmeldinga for Vardan her, slik at du […]


Fotball  og  lagseriestemne

Fotball og lagseriestemne

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. august 2011

Onsdag kveld glimta det til med ein fin sommarkveld, med fønvind og god temperatur. Det var ein fryd å gå rundt på Bordholmen og sjå på aktiviteten som foregikk der. Søya/Todalen G-12 hadde fått gjestar frå Halsa og spela kamp, som rett nok vart ei målfest for gjestane som vann 7-3. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte samtidig lagseriestemne, og der var det dei yngste som hadde største aktivitetsnivået, sjølv om det også var innlagt idrettsmerkeprøve for den som ville.

Les heile saka

Bordholmen  –  onsdag  kveld

Bordholmen – onsdag kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. august 2011

Onsdag kvel blir det stor aktivitet på Bordholmen. Da er det både fotballkamp med G-12 og lagseriestemene. Søya/Todalen G12 har kamp mot Halsa kl 18.  lagseriestemnet startar og så kl 18 og varer til kl 19. Dette er arrangement både for store og små, og det er også høve til å ta idrettsmerket for den […]


Trollheimsmarsjen  –  søndag  28.  august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2011

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

Les heile saka

Ferien  er  slutt

Ferien er slutt

Elinor Bolme Onsdag 17. august 2011

Då er det ikkje mange som er i feriemodus i Todalen lenger. Ein tur på Bordholmen i kveldinga bekreftar det. Start 4H hadde medlemsmøte og G14 spela kamp mot Sunndal. I tillegg var det oppstart med sykkeltrimmen, der det var imponerande mange utabygdes som ankom Bordholmen på sykkel.

Les heile saka

A-  og  B-sluttspel

A- og B-sluttspel

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2011

Både G14 og G16 er no ferdige med sine innleiande kampar påN orway Cup. Dette har resultert i A-sluttspel for G16 og B-sluttspel for G14. G16 har vunne 2 og tapa 1, der dei viste bortimot årsbeste i siste kamp mot Hald/Skogsvåg/Telavåg med sigeren 3-0. G14 har tapa 2 og vunne 1, og berga dermed så vidt B-sluttspelet.

Les heile saka

Sykkeltrim  i  onsdag  kveld

Sykkeltrim i onsdag kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2011

T.I.L. trimgruppa minner om sykkeltrimmen onsdag kveld. Oppmøte på Bordholmen og start mellom kl 18 og 20. Kiosksalg med kaffe, bakels og forfriskningar.


Klare  for  Norway  Cup

Klare for Norway Cup

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2011

Søndag startar Norway Cup, verdas største fotballturnering, og i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to lag; eit G14 og eit G16. Ellers stiller Kvass/Ulvungen med eige J14 lag, og eit i samarbeid med Surnadal i klassen J16. Grundige forberedelsar er gjort, både spelemessig og i støtteaparatet i rundt. Lagledelsen har ordna i stand eit infohefte for alle involverte, slik at spelarar, trenarar og føresatte skal få ei best mogleg oppleving av arrangementet.

Les heile saka

Snodig  skjerm  vart  logisk  til  slutt

Snodig skjerm vart logisk til slutt

Elinor Bolme Onsdag 13. juli 2011

Måndag kveld kom fotballgruppa si nyinnvestering på Bordholmen. Bjørn Hauglann hadde vore på handel, og Knut Jarle Bergli vart den heldige montør. Undervegs i monteringa fekk han mange nyssgjerige blikk frå nokre trimmarar som held til på volleyballbanen. Dei hadde problem med å sjå kva i all verda det var han sette opp. Både dragar, vasski og leskjermar i ulike varianter vart foreslege. Men dette var kun fotball relatert, då det viste seg å vera markørar til trening.

Les heile saka

Volleyball  i  kveld

Volleyball i kveld

Elinor Bolme Måndag 11. juli 2011

Ola Kvendset melder om at det er gjort forsøk på å arrangere volleyballkveldar på Bordholmen. Dette er på måndager frå klokka 21 og utover. Det har tidlegare vore sagt oppstart 20, men med håp om å få med enda fleire flyttar dei det no fram ein time frå og med i kveld. Så da er det […]

Les heile saka

Trollheimsmarsjen  –  søndag  28.  august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2011

Søndag 28. august er det klart for ny Trollheimsmarsj igjen, melder Kari Kvendset i Todalen I.L.  Det blir den fjerde i rekkja, og det er lurt å sette av helga til formålet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, med Trollheimstunnelen som sponsor.  Årets Trollheimsmarsj følger tradisjonelt opplegg med start på Bordholmen stadion i […]


Solsenga  i  drift  igjen

Solsenga i drift igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. juli 2011

Todalen I.L. melder at solsenga i gamle postkontoret er i drift igjen etter en liten reparasjon. Solsenga har myntautomat og det koster kr 60 for 20 minutter, og kr 30 for 10 minutter.


Side 72 av 82« Første...7071727374...Siste »