Todalen Elveigarlag
LAKS OG AUREFISKE I TOÃ…A – elva til storauren
Elva Toåa renn gjennom dalføret Todalen, som ligger i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Elva Toåa har sitt utspring i vestre del av Trollheimen, og den strekker seg helt inn i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke. Elva Toåa har en lakseførende strekning på ca 8 km, fra elveutløpet og opp til Storfossen. Fisketid fra 1. juni til 15. august både for laks og sjøaure. Salg av fiskekort på Todalshytta, Ica Todalen og Fellesfjøset. Meir informasjon om fisket finn du på www.todalslaks.no.
Måndag kveld kl 24 er årets sesong for laks- og sjøaurefiske i Toåa slutt. Direktoratet for naturforvalning justerte seinast i år fisketidene for fiske etter laks- og sjøaure, og årets sesong som starta 15. juni tek altså slutt 15. august kl 24. Laksefisket i år starta bra, med ein lang periode med god vassføring, men [...]
Fisket etter laks og sjøaure går mot slutten. Måndag 15. august er siste dag, etter at fisketida vart endra på grunn av faren for overfiske. Den siste tida har vassføringa vore i minste laget, men etter meldingane ligg det an til en god del regn tysdag og onsdag denne veka. På ein liten runde rundt bygda var det fleire fiskarar på elvekanten enn det har vore på lenge.
Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.
Laksen var nok ikkje glad, men fiskaren var desto meir oppstemt da vi trefte Tore Kåre Eriksen på Todalshytta onsdag kveld. Eriksen vart den første til å sprengje 10-kilosgransa i år, og ikkje nok med det; han tok ein på 8 kilo tysdag også. Han fortel at storlaksen vart teken på sluk mellom Oddøyneset og Oddøyøran onsdag. Og han hadde nok litt flaks når han tok laksen til lands, for da han skulle ta ut kroken gikk den tvert av! Vi reknar med at det heretter blir fast prosedyre å kontrollere krokane når det settes på ny sluk!
Kvart over 7 i dag tidleg kom den første laksen på land. Det var ein firekilos rugg som vart lokka fast på kroken av Per Ørsal. Per har vore ivrig fiskar heilt sia gutadagane heime på Sagtrøa, og er nok fast inventar når fisket i Toåa startar. Slik også i år, og etter å ha fått laksen på land bar det heimover med fangsten. Men han var ikkje ferdig med dette, så etter ein liten kaffepause bar det ned i elva igjen, og til Tømmermelhølen der han tok den første laksen. Og her nappa det igjen, og dermed var laks nummer to eit faktum. Denne var litt større, og veksta stoppa på mesta 8 kg. Dermed var Per ferdig med fisket for i dag, for fangstavgrensinga i Toåa er 2 laks per fiskar pr dag.