Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H

Styret fra 2019:

  • Leiar: Lisabet Storslett
  • Nestleiar: Johan Ranes
  • Sekretær: Ylva Synnøve Gjeldnes
  • Kasserar: Van Adrian Ansnes
  • Styremedlemmar: Nora Kårvatn, Maria Bergli, Ingebrigt Bergli og Shan Halle

Klubbrådgivarar: Ragna Kvendset

Først publisert: 19. november 2009, 16:11 - Sist oppdatert: 22. juni 2019, 12:40

Nyheter knytta til Start 4H

Årsmøte og Halloweenparty unnagjort

Årsmøte og Halloweenparty unnagjort

Elinor Bolme Laurdag 27. oktober 2012

Start 4H hadde i går kveld sitt årlege årsmøte der nytt styre vart valgt. Her vart det litt utskiftningar, med ein rimeleg låg snittalder. Også med klubbrådgivarane vart det endringar, der Hanne Waag avslutta som rådgjevar. Ny rådgjevar vart med det Ragna Kvendset, som då blir det i lag med Jon Olav Roaldset.

Les heile saka

Snart haustfest i Start 4H

Snart haustfest i Start 4H

Elinor Bolme Tysdag 23. oktober 2012

4H året er snart slutt, og styret med sekretær Thea Saksen Ulvund melder inn til todalen.no at førebuingane til årets haustfest førstkommande søndag er godt i gang. Den siste veka i eit 4H-år er alltid travel, i år intet unntak.

Les heile saka

Nytt klubblokale for Start 4H

Nytt klubblokale for Start 4H

Elinor Bolme Torsdag 30. august 2012

Start 4 H starta i går kveld så smått på å ordne seg sitt eige klubblokale under eit arrangert medlemsmøte i Skulstuå. Dei har fått lov til å disponere to rom i 2. etasje i Skulstuå, heilt gratis. Desse to romma har dei no tenkt å oppgradere litt, med å slå ut veggen i mellom slik at dei får eit større rom. Her er det dermed høve til laget å lagra alle materiella klubben har, både av oppgavebøker og anna relevant utstyr. Klubben har det siste året hatt fritidsklubb på bordholmen, medan alt av papirmateriale er inne i Todalen Skule.

Les heile saka

Vellykka overnattingstur

Vellykka overnattingstur

Elinor Bolme Måndag 9. juli 2012

Start 4H hadde natt til laurdag overnattingstur på Vorpneset. Eit titals ungar/ungdomar rigga seg til med lavvoar og bålbrenning i strandkanten for ein sosial happening. Utkvilt var dei nok kanskje ikkje då dei kom ramlande heimatt på føremiddagen laurdag, men artigt hadde det vore.

Les heile saka

Vorpnestur

Marte Talgø Fredag 6. juli 2012

En liten påminning om 4H-turen som er i dag. 4H stiller opp med lavvo, så de over 10 år er velkomne til å overnatte. Oppmøte på Vorpneset har vi satt til 18.00, og sluttiden på lørdag er satt til 12.00. 4H stiller også med grillmat til kvelden, og enkel frokost til morgenen. 4H-erene tar med sovepose, liggeunderlag, varme klær, eventuelt ekstra ombyte og andre ting dere treng. Det er selvsagt lov å ta med venner som ikke er med i 4H!

Håper mange møter opp! Dette blir gøy!


4H med overnattingstur

4H med overnattingstur

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2012

Alle 4H-arar inviteres med på utflukt til Vorpneset utanfor Ansneset i morgon kveld. Her blir det satt opp lavvoar, med mulegheit til overnatting for dei som har lyst til det. Start 4H held mat til kvelds og frokost. Her blir det mulegheiter for både bading, grilling og fisking. Oppmøte på Vorpneset frå 18 og utover.


Kjærkommen inntekt

Kjærkommen inntekt

Elinor Bolme Sundag 13. mai 2012

Torsdag kveld var ein gjeng 4H’arar ute og selde loddar til inntekt for 4H. Dei brukar ved desse kveldane å dele seg inn i to «lag», der det eine laget sel loodd, medan det andre laget er på skulen og lagar pizza til dei andre kjem att etter endt salgsrunde. Styret i Start 4H hadde […]

Les heile saka

Overnattingstur på Gunnøya

Overnattingstur på Gunnøya

Marte Talgø Sundag 6. mai 2012

Fredag 4.mai var det den offisielle 4H-dagen. Og 4H Norge oppfordret 4H-ere til å sove ute denne natta. Start 4H bestemte derfor å ha overnattingstur på Gunnøya.

Les heile saka

4H på bytur.

4H på bytur.

Elinor Bolme Sundag 11. mars 2012

I går var Start 4H på stortur til Trondheim. Dei hadde bestilt plass for utfoldelse på Bowling 1 og Gocart AS på Heimdal der dei i tillegg til å bowla også kjøyrde kvar sin runde med gocart. Det var heile 26 ungar som deltok på turen saman med rådgjevarane Jon Olav Roaldset, Hanne Waag pluss fleire av foreldra.

Les heile saka

Fritidsklubb på onsdag

Fritidsklubb på onsdag

Elinor Bolme Måndag 13. februar 2012

Start 4H har starta oppatt med fritidsklubben på Bordholmen. Det er opne dører førstkommande onsdag klokka 18 og utover. Her er det muligheiter for ulike spelvariantar og rå for å kjøpe seg noko godt i kiosken. Fritidsklubben vert arrangert annakvar onsdag framover.

Les heile saka

Start i Start 4H

Start i Start 4H

Elinor Bolme Måndag 9. januar 2012

Onsdag kveld er det oppstart på det nye 4H-året melder leiaren i Start 4H, Marte Talgø. Difor oppfordrar ho alle nye og gamle medlemmar til å møte opp på Skulstuå (gammelskulen) onsdag kveld for valg og planlegging av kommande års prosjekt. Ellers blir det og oppstart med fritidsklubben etter kvart.

Les heile saka

Julenek frå Start4H

Julenek frå Start4H

Jon Olav Ørsal Sundag 18. desember 2011

Eit sikkert teikn på at jula nærmar seg er 4Hs stand med salg av julenek ved ICA Todalen. Tilbudet var kr 80 for eit fint julenek, og dei fortalte at mange hadde nytta seg av tilbudet og kjøpt både eit og fleire. Så det blir nok mange småfuglar som blir glade på litt ekstra god […]