Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bustader (Privat: Godt mot, Todalen)

Bustadgruppa har hatt fleire møter med kommunen med agenda om omsorgsbustader, gjennomgangsbustader og nye tomter, og vi har fått dette inn på kommunen sitt budsjett. I samarbeid med kommunen har vi gjennomført ei spørreundersøking for å finne behovet for omsorgsbustader i Todalen. Ein privat reguleringsplan med fire tomter er lagt ut og det er planer om utviding av eit kommunalt felt.
Bygda har ei stor utfordring i å skaffe folk i alle livsfaser ein stad å bu. Eit anna viktig moment er at Trollheimstunnelen kan bli ein realitet om berre få år. Om alt går etter plana starter arbeidet opp i år 2014. Då må Todalen vera klar til å ta imot dei som ynskjer å flytta til bygda.

Først publisert: 24. mai 2010, 17:54 - Sist oppdatert: 3. juni 2010, 13:01