Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eldremiddagen

Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990. Det var Jon Lunde i si tid som var eldsjela til dette positive arrangementet, og med seg på laget hadde han kokkane Jenny Kvendset og Olina Halle den første tia.

No er det Eldregruppa i Todalen som tek av seg det administrative rundt middagsserveringane som går føre seg kvar onsdag i Sanitetshuset. I dager det Anne Moe som er leiar, medan Martinus Torvik er både sekretær og kasserar.

Kvar onsdag er det altså rundt 20 eldre som møtes til dekka bord og god servering. Dei betaler litt for seg, slik at det heile skal gå i rundt, men i tillegg har Eldregruppa og fått midlar til drift frå Svorka, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune via dei ulike midlane dei deler ut. I 2008 fekk dei også tilskudd frå kulturavdelinga i fylket. Då gjorde gruppa litt stas på medlemmene sine ved å dele ut gåstavar til dei som ville ha.

Publisert: 30. oktober 2010, 15:20

Nyheter knytta til Eldremiddagen

Stavgang ved Toåa 1.juni 2023.

Tekst & foto: Reidun Halle Fredag 2. juni 2023

Todalingane er dyktige til å ordne til for folk som vil gå turar i den vakre bygda. Det er stiar og sitteplassar fleire forskjellige plassar rundt om. Denne gongen tok stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen frå Bruset og opp dalen langs Toåa til Ramsøya. 17 trimmarar, med og utan stavar, hadde våga seg ut i det usikre veret.


Lunsj – og raus kunstgåve til Saniteten

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. mai 2023

Tysdag inviterte Todalen Sanitetsforening sine «vaksne» sambygdingar til gratis lunsj i Sanitetshuset.  Det er omsorgsberedskapgruppa som står som arrangør, og prosjektet er finansiert gjennom NKS og offenlege omsorgsberedskapsmidlar.  Bra oppmøte i Sanitetshuset, og det var ein flott lunsjbuffe som møtte deltakarane som satte stor pris på tiltaket. 


Den internasjonale eldredagen 1. oktober 2022.

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2022

Lørdag 1. oktober inviterer Surnadal pensjonistlag og Surnadal Eldreråd til markering av Eldredagen 2022. Eldredagen i Surnadal blir markert på Hammerstuene kl. 13.00., og tema for eldredagen 2022 er: Eldre kvinners motstandskraft.


Eldrearbeidsprisen – kandidat for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 18. september 2022

Surnadal kommune deler ut eldrearbeidsprisen. Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011 og vi lyser no ut etter kandidatar for 2022.
Prisen skal gå til person, lag eller foreining som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid.


Grete og Martinus hedra med pris

Elinor Bolme Tysdag 24. november 2015

I dag vart Grete og Martinus Torvik hedra med den gjeve «Eldrearbeiderprisen 2015» under ei tilstelning på Nordmøre Folkehøgskule. Det er femte gongen prisen bliir delt ut, og Grete og Martinus fekk den for sitt mangeårige arbeid innan organisasjonslivet i Todalen og Surnadal dei siste 20 åra.


Sluttstrek for Eldremiddagen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 13. august 2015

Onsdag inviterte styret i Eldregruppa til samling for å markere avslutninga for Eldremiddagen på Hammerstuene. Der vart det servert middag til tidlegare kokkar, styremedlemer og gode støttespelarar. Denne dagen kunne dei alle gå til ferdigdekka bord og få maten servert. Menyen var nydeleg sodd med potet, loff og østerdalsflatbrød. Til dessert var det nyplukka, friske […]


Siste Eldremiddagen i Sanitetshuset, ein epoke er over

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. juni 2015

Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle


Eldremiddagen kastar korta…

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Komande onsdag blir den siste eldremiddagen i Sanitetshuset. Da blir det ikkje berre sesongslutt og ferie, men det blir slutt for gått, fortel leiar i Eldremiddagen i Todalen Reidun Østvik. Det er ei kjent sak at styret i Eldremiddagen har streva med å få tak i kokkar for å halde den sosiale eldremiddagen i gang det siste året. No kastar dei korta, og sluttar av etter å ha halde på heilt sia 80-talet.


Med nasjonalretten på menyen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. april 2015

Onsdag kl 13 er det ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset. Denne gongen er det nasjonalretten kjøttkaker som står på menyen, fortel Karen Johanne Talgø på kjøkkenenet. I tillegg til middag serveres det dessert og sjølvsagt kaffe.


Frista med «kjøtt og påsse» på eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Fredag 27. februar 2015

Sist onsdag var det kjøtt og påsse på menyen på Eldremiddag, da dei feira «feittysdag» litte grann forsinka. Eit stort tjuetals gjestar hadde benka seg rundt 2 langbord, da kokkane Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal serverte kjøtt og påsse, med suppe og fullt tilbehør til heile gjengen.


Ein «godbit» på eldremiddagen…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. februar 2015

Komande onsdag (25. februar kl 13) blir det feittysdag på Eldremiddagen i Sanitetshuset. Litt forsenka i høve til kalenderen, men dei kjem godt etter, og lovar mykje og god mat. Menyen er sjølvsagt «Kjøtt & påsse» med høveleg tilbehør, og dessert etterpå. Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598. Eldremiddagen minner […]


Eldremiddagen startar på igjen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. januar 2015

Eldremiddagen har har «ferie» sia lenge før jul, men no startar dei på igjen med ein ny sesong. Det skjer onsdag 21. og onsdag 28. januar til vanleg tid kl 13.00. Menyen er ikkje klar enno, men det blir god og heimlaga mat, fortel Reidun Østvik på telefon til Todalen.no.