Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppsummering av fotballsesongen 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. november 2020

Måndag kveld var det tid for ei oppsummering av fotballsesongen 2020 for laga til Søya/Todalen. Fotballgruppa i I.L. Søya hadde invitert trenarar og lagleiarar til klubbhuset på Søyabanen til eit oppsummeringsmøte for å hauste erfaringar frå årets sesong, og samtidig sjå framover til neste sesong. Sesongen 2020 vart sterkt prega av Koronasittuasjonen, og det er grunn til å tru at denne situasjonen òg vil påverke komande sesong. 

Søya/Todalen har hatt 5 lag i seriespel i 2020. I tillegg har dei samarbeidd med Kvass/Ulvungen om eit J15-lag og med Surnadal om eit J19-lag, eit lag administrert av Surnadal I.L. I tillegg samarbeider Søya/Todalen med Kvass/Ulvungen for å kunne stille lag i klassen J12. Dette laget var i 2020 administrert av I.L. Søya. Søya/Todalen sine lag har i 2020 vore:

  • Søya J/G 8
  • Søya/Todalen J9/10
  • Søya/Todalen G9/10
  • Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen J12
  • Søya/Todalen G12 

Søya og Todalen har hatt eigne treningar for spelarane i aldersgruppa 6 – 7 år. Dette er spelarar som ikkje har noko seriespel, men som bruker å delta på 4 – 5 cupar gjennom sesongen, men Koronasituasjonen sette ein effektiv stoppar for alle cupar denne sesongen, så i år har vore berre treningar for denne aldersgruppa. Totalt har 66 spelarar hatt tilbod om fotball gjennom sesongen, så sjølv om klubbane er små kvar for seg, så greier dei gjennom å samarbeide å gje eit godt sportsleg tilbod til mange.  

På oppsummeringsmøtet var det brei semje om at fotballsesongen 2020, sportsleg sett, hadde vore ein bra sesong for laga til Søya/Todalen. Alle lag sine spelarar har hatt ei god utvikling ferdigheits-messig. Det sosiale miljøet i spelargruppene har som vanleg vore veldig bra. 

Treningane vart som følge av Koronasituasjonen stoppa i perioden frå midten av mars og fram til slutten av mai alle fellestreningar. Etter at det vart opna for trening att har laga stort sett trena fast til eit stykke ut i oktober. 

Oppsummering av ein avslutta sesong, og planlegging av ein ny! Foto: B G Ansnes

Koronasituasjonen har ført til ein god del «ekstraarbeid» både før, under og etter trening. Det har og vore naudsynt med innkjøp av meir utstyr enn vanleg fordi spelarane skulle ha sitt eige personlege utstyr og ikkje «dele» på dette.

På arrangementsida har situasjonen òg ført til mykje «ekstraarbeid». Dette fordi ein på kvart arrangement måtte registrere alle som var tilstades på anlegget under arrangementet, samt passe på at det til ei kvar tid var tilgang til handsprit. I tillegg kom alle restriksjonane i samband med kiosksalet. Her var det mykje ekstra reingjering før, under og etter kiosksalet. Vareutvalet vart og påverka av smittevernsreglane, samstundes som rutinene ved bakelssteiking og andre eigenproduserte varer måtte endrast i høve til tidlegare sesongar. 

Anleggskomiteane, både på Søyabanen og Bordholmen, fekk velfortent skryt for sitt arbeid med banane. Det var full semje på møtet om at vi har to av dei finaste og mest velstelte banane på Nordmøre, noko anleggskomiteane skal ha honnør for! Dei legg ned ein fenomenal innsats, som det ofte er lett å gløyme. 

På oppsummeringsmøtet vart det òg tid til å sjå framover til neste sesong. Målet for Søya/Todalen er å ha lag i 4-5 lag i seriespel neste sesong. Så no blir det ein god del jobb på fotballgruppa for å legge neste års kabal, både med tanke på støtteapparat (trenarar/lagleiarar) og til slutt kartlegging av aktuelle spelarar. 

Konklusjonen frå oppsummeringsmøtet er at klubbane samarbeider godt og at dei gjev sine spelarar eit godt tilbod, både fotballfagleg og sosialt, Det er med andre ord mykje positivt å bygge vidare på for framtida.     

Publisert: 3. november 2020, 06:30