Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppstart strikkekaffe på laurdag

Elinor Bolme Onsdag 6. januar 2016

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. For dei som ønsker å fortsette med småstrikk til eit godt formål, så fortsett sanitetsforeninga på prosjektet/dugnaden  «Strikk en varm velkomst» som rettar seg mot alle hjelpeslause flyktningar som kjem uten ein verdens ting.

Har du ikkje garn, er det mykje i sanitetshuset til dette formålet.

– Alle typer strikk er velkomment: luer, gensere, sokker, vottar og skjerf.
– Alle størrelsar og farger til begge kjønn og alle aldrar.
– Levér ditt bidrag på strikkekaffeen i Todalen i løpet av mars.

Har du ikkje moglegheit til å komme på dei planlagte strikkekaffeane etter nyttår, kan du ta kontakt med ansvarleg Jorunn Ness på telefon 901 51 989 og avtale levering. Tenkte datoar framover er 9.1, 30.1 og 20.2, men med moglegheit for forlenging om ønskeleg.

Publisert: 6. januar 2016, 19:40