Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppsetting av namneskilt i «Gammelvegen»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juli 2020

Fredag var John Moe, Ragnar Halle, Jonas Svinvik og Sven Olav Svinvik i fullt arbeid med å sette opp namneskilt på mange av plassane ein passerer når ein går «Gammelvegen» frå Svinvika til Hjellnes. «Gammelevegen» vart opna rundt 1896 og var første vegen frå omverda og inn til Todalen. Tidlegare var sjøvegen einaste alternativ for transport av varer og folk. Skiltinga er eit prosjekt Todalen Historielag har hatt på planstadiet ei stund, og som i dag vart fullført.

For Historielaget er det viktig at namna ikkje går i gløymeboka, samstundes som turen for dei gåande blir meir interessant fordi dei no kan sjå på skilt kva dei ulike plassane dei går forbi heiter. Eit bra tiltak til glede for mange. Det er Svinvika og Nesstua Hjellnes som er grunneigarar der traseen for «Gammelvegen» som no er skilta går.

Skilta er laga av Tangen Treprofil (R. Moen AS). Dei er laga av tre og etterbehandla med olje for å stå seg betre mot vêr og vind.  Det er Sven Olav Svinvik som har vore kjentmann og har bakgrunnsinformasjon om namna på plassane som no har fått sitt eige namneskilt. Sven Olav fortel meir om nokre av namna på skilta.

Kalvslåa – her er namnet på plass. Foto John Moe

Kalvslåa:
Kalvslåa er ei frodig og smal slå. Her vart det i gamle dagar hausta gras med sigd. Graset vart så putta i sekkar og kasta utfor hammaren for vidare heimtransport. Det var difor viktig å unngå at kalvane, som gjekk på utmarksbeite, ikkje kom seg ut på slåa og åt opp graset der. Likevel hende det frå tid til anna at kalvar kom seg utpå slåa. Slåa er så smal at når kalvane først var komne seg utpå og skulle snu, så hende det meir enn ein gong at dei fall utfor og slo seg ihel. I tidlegare tider var det vanleg å så korn på innmarka på gardane for å få matkorn. Då måtte ein slå gras for å få mat til krøttera på alle plassar, uansett kor utilgjengeleg desse kunne vere. Kalvslåa er eit godt døme på ein slik plass, og var nok ikkje plassen å vere slåtta-kar/kvinne for den som hadde høgdeskrekk.    

Vikafossen har også si historie. Foto: John Moe

Vikafossen:
Vikafossen er fossen som ender si ferd inne i vika innafor Svinvika. I gamle dagar vart området frå ovanfor Svinvika og oppover og innover til Vikafossen nytta til «hestehamn». Ved å sette opp ei grind nedst laga hamrane oppover ei naturleg innhegning som gjorde det umogleg for hestane å stikke av. Ved Vikafossen veks det brennesle som ikkje «brenn». Dette er ein særs sjeldan art som er lite utbreidd i Norge.

Mausethammaren – eit stykke veghistorie. Foto: John Moe

Mausethammaren:
Mausethammaren er oppattkalla etter mannen som med berre handmakt bygde vegen gjennom hammaren. Det einaste hjelpemidla han hadde var meisel, handborr og sprengstoff. Når ein ser på muren som er bygd ved hammaren forstår ein at det var mange tunge løft som måtte til før vegen vart køyrbar.

Bildegalleri frå skiltinga langs etter gammelvegen – Foto John Moe og Ragnar Halle

Publisert: 24. juli 2020, 19:14