Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opphevar forbod mot bålbrenning

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mars 2014

Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.

No gjeld altså dei lokale betemmelsane for bruk av open eld og småomnar i Surnadal kommune.  der stpår det mellom anna:

Brenning som er lovleg utan søknad er:

  • Open brenning på grillinnretningar og utepeisar.
  • Kaffebål i utmark med unnatak for i eller i nærleik av skogsmark i tidsrommet 15.april  – 15. september.
  • Brenning av mindre mengder avfallstrevirke som ikkje er impregnert eller måla.
  • Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall om våren utafor tettbygd strøk.
  • Nedbrenning av miljøsanerte bygningar i samband med brannøvingar.

Brenning som kan tillatast etter søknad:

  • Brenning av pinsbål / St.Hansbål eller bålbrenning i særlege høve.
  • Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall innafor tettbygd strøk.
  • Ranke- og flatebrenning i skogbruket.

Illustrasjonsbilete frå ei brannøving i Todalen. Arkivfoto. Jon Olav Ørsal

Spørsmål kring forskrifta rettast til brannsjef Tor Arne Moen, 71655871 / 90929031,  eller du kan finne fleire opplysningar på nettsida til Surnadal kommune

Publisert: 10. mars 2014, 19:19