Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppfylte draumen om Bjøråskars-tur

Einy Rendal Elgsæther Måndag 10. august 2015

– Ein fantastisk tur, seier Marit Hagen frå Hamar som torsdag 6. august gjekk tur retur Bjøråskaret i det flotte sommarveret vi opplevde. Ho har gjennom mange år hadde ein draum om å koma dit ein gong i livet for å finna att eit spesielt motiv som hennar far tok bilete av. På besøk i Todalen fekk ho endeleg dette ønsket oppfylt. Men det krevde stor innsats av ein som er 75 år og ikkje går turar i fjellet kvar dag.

Hennar far, Erling Hagen, var frå Kristiansund og gjekk mykje i norske fjell, spesielt Trollheimen der han også tok masse bilete med sitt vesle kamera. Eit av desse bileta er forstørra og heng på veggen i hytta til Marit. Ho lurte lenge på kor motivet var ifrå, og fekk mange forslag om fjellparti i Jotunheimen etc. Til slutt kontakta Marit Turistforeninga som kunne hjelpa henne. Dei sende henne kartutsnitt av dei fjella som var aktuelle og merka av fjellpartiet i Bjøråskaret. Frå den dagen vart det svært viktig for Marit å sjå denne plassen.

Utsikt mot Innerdalsfjella frå Bjøråskaret. Arkivfoto: Jon Bruset

Men tida har gått, og Marit er ingen ungdom lenger. Likevel satsa ho alt på å nå målet. Torsdag var ein tindrande klår dag, kanskje den finaste vi har hatt i sommar, og Marit fekk sjå alle fjelltoppane i klår sol. Ho gjekk heile vegen fram og tilbake og hadde også med seg ein liten hund, Maya, (ein Cavalier King Charles Spaniel) som greidde turen bra. -På veg ned var dei begge slitne, og Maya greidde ikkje gå lenger, men måtte berast i sekken.

Da dukka to gode hjelparar opp. Eit par frå Orkdal nådde dei att. Dei var sikkert også slitne etter ein 13 timars tur over Skjerdingfjellet («Travernen»). Likevel stoppa dei og tilbaud seg å hjelpa henne med å bera bagasjen og hunden. Dei heldt følgje med henne heilt ned til bilane – Dette tykte Marit var flott gjort og vil gjerne takka dei.

 

 

 

Publisert: 10. august 2015, 06:00