Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hugs – Bygdabokmøte i kveld!

Hugs – Bygdabokmøte i kveld!

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

Det blir ope møte om bygdebokarbeidet i Todalen skule tysdag 5. april kl 19.30.  Arbeidet med ny bygdebok er godt igang, og den kommunale bygdeboknemda har etablert eit samarbeid med Todalen historielag for å opprette grendekontaktar og hjelpe til med å samle inn stoff. No er informasjon om arbeidet og skjema for innsamling av nyare opplysningar snart i postkassa. Bygdeboknemnda anbefaler at alle les info-skrivet og rettleiinga godt. I tillegg er det og hjelp å få, da vi har sju dyktige grendekontaktar som kan hjelpe til med utfyllinga.

Grendekontaktane er:

  • Åsbø, Nordvik, Haltbakken, Svinvika og Hjellnes: Torunn Nordvik og Sven Olav Svinvik.
  • Todalshaugen og Kvennset: Wenche Kvendset
  • Kårvatn, Talgøya og Bruset: Ingri Bruset.
  • Halle og Husby: Sidsel Kalseth Heimlund
  • Øya og Ørsal: Ragnhild Ansnes Moe
  • Hallset og Ansneset: Anders Halset.

På møtet blir det kort informasjon om prosjektet, kaffe med noko attåt og høve til å stille spørsmål og kome med innspel til bygdeboknemnda.

Vel møtt til ope møte 5.april!

Først publisert: 1. april 2011, 14:00 - Sist oppdatert: 6. april 2011, 11:53