Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag kl 11.44 snur sola, heldigvis….

Jon Olav Ørsal Måndag 19. desember 2016

Dato og tidspunkt for solsnu, eller solkverv, varierer frå år til år. Det kjem av at året er ca 365,25 døgn, og dermed får vi ei lita forskyving. I år skjer det altså komande onsdag kl 11.44, og det er det nok mange som er glade for.  Det går mot lysare og varmare tider, sjølv om det går sakte i starten – fram mot nyttår aukar daglengda med ca 10 minutt.

Vintersolkverv er tidspunktet ein gong i året når jorda er i det punktet av sin bane rundt sola, kor den nordlege halvkule heller lengst bort frå sola. Dagen dette skjer er den dagen med kortast daglengd, og i år skjer det onsdag 21. desember kl 11.44. Vi skreiv først at det var kl 10.44, men det var sjølvsagt UTC-tid og -1 time. (Takk til Einar Hamnes for e-post med info).

 Når sola står i sør midt på dagen, har den sin årlege lågaste døgnmaksimumshøgde over horisonten (utrekninga gjeld nord for ekvator, og sør for polarsirkelen). (Ref. Wikipedia)

Først publisert: 19. desember 2016, 21:01 - Sist oppdatert: 20. desember 2016, 15:18