Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag har du sjansen til signert bok!

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Vi har tidlegare omtala boka om «Søyådalen» som hadde premiere i Bondehuset i Stangvika i helga. Den offisielle salsstarten er onsdag 3. juni, og den dagen vil dei tre forfattarane bli å treffe på NMS Gjenbruk (Landbrukshuset) på Skei frå kl 12.00 og utover dagen. Da er det berre å stikke innom og kjøpe boka – og få den signert av dei 3 forfattarane Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes, melder Stangvik historielag som står attafor bokprosjektet. Boka er også til sals hos Joker Kvanne, Matkroken L. Hals i Todalen og heime hos Erling Myrbostad i Austre Lia.

Publisert: 2. juni 2015, 17:21