Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Om 14 dagar brakar det laus

Elinor Bolme Torsdag 12. juli 2018

Annakvart år er det rolegare tider for Stangvikfestivalen og deira gode hjelparar. I desse dagar derimot, er dei i full gang med planlegging av dugnadskomitear, overnattingslokasjonar, fiskeburgarar, fotballturnnering og ikkje minst finpuss av programmet for den sjette festivalen i rekkja. Frå 26. – 29. juli. Hovedsakleg med lokasjon i Stangvika, men også med eit arrangement i Todalen som åra før.

I kveld var festivalleiar Jo Inge Nes på befaring i Todalen Ungdomshus for å sikre at alle detaljar for konserten torsdag 26. juli er på plass. Da kjem sjølvaste Unni Boksap med sitt ensemble og skal underhalde på scena der. -Det blir spennande, seier Jo Inge, for vi veit jo aldri kor mykje folk som dukkar opp. Sist gong var det omlag 300 frammøtte på Gammelfabrikken, men det er i alle fall ikkje plass til her, konstaterer både han, og John Moe som er med og viser fram fasillitetane i Ungdomshuset.

Unni Boksasp Ensemble består av: Unni Boksasp (Tinn): vokal, zitter, dulcimer. Trygve Brøske (Trondheim): trøorgel, piano. Magne Vestrum (Kongsvinger): kontrabass. Petter Berndalen (Stockholm): perkusjon. Mats Edèn (Värmland): fele, hardingfele, torader. Foto: Unni Boksasp Ensemble 

-Men dei som kjem vil få ein forrykande forestilling frå scena lovar Jo Inge. Og med god hjelp frå Todalen Idrettslag/Toåa Tursti vil det nok bli ein og annan godbit å få kjøpt seg både før og etter arrangementet.

Vi kjem til å komme med eit oppdatert program for heile festivalhelga, men enn så lenge kan ein gå inn på Stangvikfestivalen si eiga heimeside for ein liten smakebit: Program 2018

Publisert: 12. juli 2018, 22:24