Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Olav Tronvoll vann dagens sprint

Elinor Bolme Sundag 15. februar 2015

Olav Bakketun Tronvoll, Fjellmann IL vart også i dag, under dagens Norgescup Randonne sprint, for tøff for dei andre motstandarane som stilte på start på Kårvatn. Todalen IL, som leverte eit vellykka renn i går, la inn nok ein god søknad også i dag for vidare sammarbeid med NSF for framtidige renn på Kårvatn.

Dagens øvelse sprint, var lagt opp med prolog først, før alle gjekk vidare til semifinaler og dei 5 beste i herreklassen, 3 i kvinneklassen og 3 junior herre gjekk viare til finaleheat. Olav Tronvoll tok teten opp Dalalia i finalen, og held motstandarane bak seg heile vegen opp til «ski på sekk», før det bars ned att mellom husa i Dalalia og inn til målområdet.

Malene B Haukøy, Høyang IL tok seieren i dameklassen, framfor Hildegunn Hovdenak, Romsdal Randonneklubb og Ingrid Stengård frå Trondheim Rasndonneklubb. I juniorklassen var det Sondre A Svendsli frå Eidsvåg som vann, med Mathias Vindal, Ranheim IL på andre og Lars Oslad Øygard frå Høyang IL på tredje. Sjå komplett resultatliste her: Resultatliste Randonee søndag 15.02.2015 v2

Det var perfekte forhold på Kårvatn i dag, der også ein del publikummar fann vegen oppover og følgde rennet på nært hald. Dagens renn var nok litt meir publikumsvennleg enn gårdagens «lang tur» på Tydalsnebba. Strålande sol og skareføre gjorde at publikum vart tett på løparane og kunne følgje dei så å seie frå start til mål.

Etter kvart kjem vi naturlegvis med fleire bildegalleri frå dagens renn.

Under er eit rikhaldigt galleri frå rennet ute i løypa. Alle foto Elinor Bolme

 

Først ute i gjestegalleriet er Gudmund Kårvatn

Først publisert: 15. februar 2015, 14:24 - Sist oppdatert: 17. februar 2015, 11:21