Ola satsar på mjølkeproduksjon - Todalen.no

Ola satsar på mjølkeproduksjon

Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!

Sålen er ferdig, og no kjem murane opp. Foto: Jon Olav Ørsal

Ola tok over garden tidlegare i år, men han har leid inn foreldra Wenche og Gudmund som forpaktarar til han er ferdig med skulegongen. Han går i dag det 2. av 3 år på Høgskulen i Nord-Trøndelag på Steinkjer, der han sjølvsagt tek landbrukutdanning. Men våren 2013 er han ferdig, og da blir det full satsing på mjølkeproduksjon. Han driv i dag ca 300 mål med grasproduksjon, og har ein mjølkekvote på 280.000 liter. Halvparten av jorda og noko av mjølekvoten leiger han, men han satsar på å kjøpe opp meir mjølkekvote etter kvart. Men først skal fjøset bli ferdig, og det er ei satsing på fleire millionar.

Planane er nøye diskutert, men Ola har sterke meiningar om korleis det skal bli. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Ola har lyst til dette, og har bestemt seg for at det er bonde han vil bli. Foreldra fortel at dei har diskutert dette grundig med Ola, for Gudmund var ogsÃ¥ ung da han tok over garden etter onkelen sin, og han har opplevd vekslande vilkÃ¥r i jordbruket oppgjennom Ã¥ra. Men slik vilkÃ¥ra er no, sÃ¥ kan det ikkje bli anna enn betre i fortsettinga. Men Ola har i allfall planane klare, og i tillegg til mjølkeproduksjon vil han ha nokre sauer. Han er “sau-kar”, og likar sauene godt. Men han legg ikkje skjul pÃ¥ at sausankinga i haust var noko deprimerande. Han mista 20% av besetninga pÃ¥ fjellbeite i Kvennsetdalen og LauvÃ¥fjellet. Dei vart nok jervmat, sier Ola. Han blir alvorleg nÃ¥r han legg ut om jervplaga som kanskje vil ødeleggje drømmen om Ã¥ ha ei lita saubesetning i tillegg til mjølkeproduksjonen. Tapsprosent pÃ¥ 20 gÃ¥r det ikkje an Ã¥ leva med, seier han.

Ola satsar på mjølkeproduksjon med nytt fjøsbygg. Foto: Driova/Jon Olav Ørsal

Arbeidet med nyfjøset skal vere fullført til sommaren 2012, for i juli kjem det til å bli fødd over tretti kalvar i Viastua. Murane til nyfjøset skal gjerast ferdig i haust, og så startar bygginga så snart det tek til å vårast. Til slutt blir det innreiingarbeid framover mot sommaren. Det blir nok ein travel vår!

Medlemmar

Norsk Laksefestival
Sparebank1 Midt-Norge
Godt mot, Todalen
Trollheimsporten
Start 4H
Todalen Brygge
Todalen Historielag
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Driva
Todalshytta
Rossåa Settefiskanlegg
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Todalen Småbåtforening
Todalen Bondelag
Todalen Elveeigarlag
Vårsøg Hotell
Surnadal Sparebank
IL Søya
Todalen Sokneråd
Talgø Møbelfabrikk AS
Svorka
MPs hjemmebakeri
Skogkompaniet
Surnadal Regnskap AS
AMFI Kreativ
Todalen Sanitetsforening
Nordvik Grendalag
Skulstuå i Todalen
Surnadal Trenings- og Velværesenter
AMFI Surnadal
Surnadal Pensjonistlag
Kombi Regnskap
Surnadal Lastebil Verksted AS
Todalen Idrettslag
Norsk Vandrefestival
Gjensidige Surnadal
Viastua Gardsprodukt
Surnadal Kulturhus
Surnadal Kommune
Kårvatn Fjellutstyr
Eldremiddagen
ICA Todalen
Søya og Todalen Skytterlag

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør