Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ola Hovdenak var suverèn

Ola Hovdenak var suverèn

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. januar 2011

Ola Hovdenak var suveren under NorgesCupen i den individuell konkurransen på Kårvatn i Todalen laurdag. Nærare 5 minutters forsprang hadde han til André Jonsson og Ola Berger som hadde eit spurtoppgjør inn mot mål, der André Jonsson trekte det lengste strået og slo Ola Berger med eit lite sekund. I dameklassen var det Marit Tveit Bystøl som utklassa resten av dameklassen med over 7 minutters forsprang til Mari Fasting som vart nummer 2. I juniorklassen rådde Erik Haukøy grunnen heilt åleine, og kom inn på 1,57.

 Det var til saman 39 som starta på laurdagens individuelle konkurranse, og det var deltakarar frå til saman 7 land.  Av desse var det 7 deltakarar som stilte i eigen trimklasse. Einaste deltakar frå arrangørklubben Todalen Idrettslag, Ola Kvendset, stilte i denne klassen og kom i mål på 1,49 etter ein fin innsats. her finn du resultatlista for laurdagens konkurranse.

 Laurdagens renn hadde start ved låvebrua framfor Kårvatn Fjellutstyr, og løypa gjekk opp lia til «punkt 1040», med innlagt klatring med ski på sekken på turen opp. På «1040» var det av med feller og fortast muleg ned til startområdet igjen. Så måtte feller på igjen og ein ny runde opp til «punkt 1040» og ned mot mål igjen. Trimklassen nøyde seg med ein runde.

 Og som sagt var Ola Hovdenak suveren på både oppturar og nedturar, og kom i mål på 1,50.48 som nok må seiast å være ein prestasjon. Men knappe 5 minutt etter kjempa André Jonsson og Ola Bergen om andreplassen i eit artig spurtoppgjør over Bekkøya og brua inn mot mål.

 Løypa var planlagt opp til Tydalsnebba, men på over 1200 moh., men rasfaren i området gjorde at ein valde å korte ned løypa på toppen, og heller køyre to turar heilt ned til mål igjen, seier Ledar i Todalen Idrettslag Nils Ove Bruset.

 Laurdag kveld var løparane invitert til Todalen Brygge på Cup-bankett. Der var menyen gratinerte kamskjel til forrett, Angusgryte til hovudrett og karamellpudding til dessert. Søndag er det på’n igjen, med lagkonkurranse som startar kl 10.00.

 Nedafor finn du eit assortert utval bilete frå NorgesCupen på Kårvatn.  Foto: Ivar Bolme og Jon Olav Ørsal/Driva

Først publisert: 15. januar 2011, 23:00 - Sist oppdatert: 16. januar 2011, 17:00