Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola fikk raring i garnet…..

Jon Olav Ørsal Sundag 15. januar 2017

Ola Røe på Nordvik er ein habil hobbyfiskar, og har nok fått mykje rart i garna sine i løpet av ei årrekkje. Men denne veka sette han nok rekorden, da han gjorde det første garnsettet nyåret – på rundt 50 meter dybde utafor heimen sine på Nordvikstranda.  Og stor vart nok spekulasjonen når han fekk denne framandkaren i garnkassa da han tok oppatt garna torsdag.

Ola hadde aldre sett noko slikt, verken i fjorden eller på bilder.  Derfor bar det til med søk på nettet for å prøve å finne ut kva dette var for slags fisk, og det lykkast han med. Han fann bilde som stemte overens med skapningen han hadde fått på land og dermed var fiskens identitet klarlagt – det var ein St. Petersfisk det dreide seg om. Det er ein svært sjeldan fisk – og litt av ein delikatesse, fortel Ola som no har putta fisken i frysaren for å ta vare på den. – Så får han sjå om han havna i steikepanna, eller om det utstopping etter kvart. – Havets kylling er ein anna namn som St. Petersfisken går under.

Som sagt er fisken svært sjeldan, og Ola trur ikke det er mange som har sett slik fisk her til lands. Vi kan iallfall konkludere med at det er spennande å være hobbyfiskar på Nordvik, og Ola kjem nok til å være spent når han er ute på fjorden for å ta opp garn.  – Det blir nok meir fisking etter kvart som sola kjem att,og det blir lysare og varmare dagar, seier Ola til slutt.

Publisert: 15. januar 2017, 17:03