Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

..Og hele bygda er med, på det som skal skje

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2017

Krattryddeaksjonen er i full gang – lag og organisasjonar i Todalen har gått sammen om å rydde kratt rundt vegkantane og laurdag var første dugnadsdagen.  – Og dugnadsgjengen sette skikkeleg merke etter seg frå Svinviktunnelen og innover så langt dei rokk på ein dag.

Uten mat og drikke duger…. Todalen sanitetsforening sørga for traktering i kjent stil… Foto: Laila Kvendset Bergli

Det var langt borti 30-talet som møtte opp for å delta på dugnaden i dag. Nokre troppa opp med fullt verneutstyr og motorsag, og så var det «kvistdagargjenen» som var som stillte med lettare utstyr for å samla kvist og kratt i store dungar.

Og resultatet let ikkje vente på seg – det er berre å samanlikne «før- og etter-bilda» i galleriet, så ser vi at det opnar seg rundt vegkantane, og du får igjen utsikt til todalens «varemerke» som er Skjeringfjellet og Snøfjellet som er noko av det første du ser når du kjem ut av tunellen.

Flott innsats av heile gjengen – vi gler oss til å få att den fine utsikten på tur innover til Todalen…..

Bildeglimt frå første dugnadsdagen.  Alle foto i galleriet: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. februar 2017, 17:03