Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Offisiell opning av hamna….

Jon Olav Ørsal Måndag 16. januar 2017

Det var friskt i hamneområdet da Surnadal Hamneterminal og Kristiansund og Nordmøre havn inviterte til opningsfest.  Det skjedde nettopp på hamna, og det var rigga til eit stort telt, der det var både servering og underhaldning og ikkje minst helsingar inviterte gjestar både frå nær og fjern. Sjølv om det var rundt 10-talet med kuldegrader så var det ingen som klaga på kulda…

Ordførar Lilly Gunn Nyheim markerte opninga med å hogge av eit tau. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølve opninga foregikk utomhus, der ordførar Lilly Gunn Nyheim markerte opninga ved å hogge av eit tau.  Videre program var omvisning på hamna, der vi fekk sjå den nye ro/ro-rampen og den asfalterte plassen på 17 mål som delvis er teken i bruk. i neste byggetrinn skal resten av plassen asfalterast, og det blir nok naudsynt å skaffe meir plass til havneaktivitetane i framtida. 

Vidare var det samling i teltet det var både orientering og helsingar. Det har vore arbeidd i ein mannsalder med å få til reulær drift på hamna i Surnadal – no har dette arbeidet kome i må, og hamna vil bli ein viktig brikke for næringslivet i Surnadal og områda omkring. – Honstad ga mykje av æra for at hamneprosjektet er realisert til Inge Skogheim, som har jobba med dette i lang tid og seinare har Karin Halle kome med.  No er hamna og Surnadal Hamneterminal ein realitet og om kort tid startar Sea Cargo med regulær trafikk til Surnadal med anløp annakvar veke i første omgang. SeaCargo kan når dei startar trafikken hit til Surnadal handtere godsmengdar på 2,5 til 65.000 m3 gods.
Honstad sa at Surnadal ligg strategisk til også for gods til Trondheim og Orkanger. Han oppfordra til å gi skikkeleg applaus for jobben som Karin og Inge har gjort for å realisere prosjektet.

Politisk rådgjever Margrete Dysjaland møtte fra Landbruks- og matdepartementet, som har bidrege med 4,2 mill til prosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal

Politisk rådgjever Margrete Dysjaland møtte fra Landbruks- og matdepartementet, og ho var imponert over anlegget som er bygd ut. Tilskotet frå departementet på 4,2 mill har vore avgjerande for å få realisert prosjektet. Dysjaland understreka kor viktig det er med infrastruktur som fungerer for at verdiskapinga på landsbygda skal få skikkelege arbeidsvilkår. Det betyr mykje når nye arbeidsplassar skal etablerast på landsbygda. Og er det noko som er sikkert, så er det i allfall at det må arbeidsplassar til, dersom folk skal bu på landsbygda.

Dette er berre begynnelsen, sa Karin Halle, som er dagleg leiar for Surnadal Hamneterminal. Ho orienterte om drifta og takka både medarbeidarar, samarbeidspartnarar, styre og kundar som har vore med og lagt til rette for at dette kunne realiserast. 

Nedafor har vi eit stort bildegalleri frå opningsfesta for Surnadal Hamneterminal  –  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. januar 2017, 20:02